Kunst
Sakn forsterka av rekonstruksjon
Korleis lage ei utstilling av noko som er borte? Michael Rakowitz manar fram fortida med små hermetikkboksbitar, men Leonard Cohen blir eit sidespor.
Etter publikumsrekord i 2025 har ein taklekkasje framtvinga full nedstenging av Stavanger kunstmuseum frå 16. mars til 14. november 2026. Heldigvis har ingen verk blitt skadde, og trass ulempene er takrehabiliteringa etterlengta.
Museet har i fleire år imponert med god balanse mellom å introdusere internasjonale kunstnarar som Ruth Asawa og å jobbe for at rogalandskunstnarar som Kitty Kielland, Frida Hansen og Lars Hertervig blir lagt betre merke til både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Sist ut er den irakisk-amerikanske kunstnaren Michael Rakowitz, som allereie i mai 2025 blei ein såkalla snakkis i byen då ein 4,5 meter lang rekonstruksjon av ein assyrisk vaktarfigur med menneskehovud, oksekropp og ørnevenger blei avdekt på sjølvaste domkyrkjeplassen i høve Stavangers 900-års jubileum.
Verket bar namnet «Lamassu of Nineveh», og kommentarfelta i lokalavisa var delte. Mange stilte spørsmål ved kva lamassuen, eit mytologisk dyr frå oldtidas Irak, gjorde side om side med domkyrkja frå 1100-talet.
Øydelegging av kulturarv
For Stavanger Kunstmuseum og Rakowitz markerte dette starten på eit samarbeid som no held fram med utstillinga På vegne av poeter og palasser i museets to hovudsalar.
Inngangsdøra til museet fører deg inn i ein stor glaskuppel med resepsjon, museumsbutikk og kafé. Trass småregn er det godt med folk i kaféen. Eg siktar meg inn på hovudsalane og blir møtt med ein veggtekst som fortel at Rakowitz (f. 1973) er fødd og oppvaksen i USA. Familien hans var jødiske emigrantar som forlèt Bagdad i Irak på 1940-talet.
I eit videointervju på motsett vegg fortel Rakowitz at han i fleire år har jobba med verk som set fokus på øydeleggingar av kulturarv i ulike delar av verda. Både lamassuen og denne utstillinga er del av kunstprosjektet The Invisible Enemy Should Not Exist, som starta som ein respons på plyndringa av Iraks nasjonalmuseum i 2003, like etter den amerikanskleidde invasjonen av Bagdad.
Kjent, men ukjent
Lydar frå utstillinga lokkar meg vidare, og eg vel å sjå resten av intervjuet seinare. Til venstre openberrar eit stort, fargerikt relieff seg. Det er sett saman av fleire panel med mennesliknande skapnadar med store vengjer på ryggen. Skapnadane er ikledde sandalar og lang drakt. Mellom dei veks blomstrande plantar.
Måten menneska ser ut til å stå med føtene i profil på, men overkroppen meir vend mot oss, minner om egyptiske motiv frå til dømes Ani-papyrusen, datert til rundt 1250 f.Kr. Det er som om motivet er kjent, men ikkje heilt. Eg går nærmare og ser at alt er laga av små, fargerike bitar av hermetikkboksar. Handledda er pynta med vakre armband som liknar klokker, berre med blomar i staden for urskiver, og dei held små vesker som ser merkeleg moderne ut.
Der me kunne forvente andlet, er det store svarte felt.
Der me kunne forvente andlet, er det store svarte felt.
Snau info
På golvet finn eg detaljert, men litt forvirrande informasjon om kvart panel. Det er visse årstal som går igjen: «Utgraven i 1847 og øydelagd av IS i 2015». Mellom desse årstala er det større variasjon. Det ser ut til at mange panel heilt eller stykkevis har hamna i alt frå Mosul Museum i Irak, British Museum i England og Kimbell Art Museum i USA til private samlingar.
Eg trur først at IS har øydelagt andleta, men når eg seinare ser ferdig intervjuet med Rakowitz, kjem det fram at det var like etter utgravingane at andleta vart fjerna – på bestilling av ulike kundar, som museum eller antikvitetssamlarar. Utskorne steinplater med andleta var lettare å frakte enn heile panelet.
Litt bortgøymt finn eg ei lita veggtekst med informasjon om at alle panela er rekonstruksjonar av relieffa som smykka eit av dei mange romma i det såkalla Nordvestpalasset i Kalhu (dagens Nimrud) i Irak (ikkje dagens Mosul, som det også står fleire stader). Eg saknar meir informasjon, som alderen på dette tempelet.
Det blir internett som fortel meg at palasset blei fullført i 879 f.Kr av Asurnasirpal II, konge av Assyria frå 883 til 859 f.Kr. Etter utgravingane har altså store og små relieff og skulpturar blitt fjerna bit for bit, til det berre var nokre av desse ansiktslause panela att i palasset, før IS i 2015 fjerna siste rest med hakke, boremaskin og eksplosiv.
Stille frå Cohen
I den andre store salen er det både hyllest og kritikk av den kanadiske songaren Leonard Cohen. Ein får nesten inntrykk av at Rakowitz er ein fan på grensa til stalker, der han har erverva seg både Cohens gamle skrivemaskin, foto av Cohens sertifikat, og blomar frå Cohens hage på den greske øya Hydra.
I glasmonteren kan ein lese brev der Rakowitz prøver å få kontakt med Cohen i høve arbeidet med ein dokumentar. Hyllesta er knytt til musikken, kritikken er retta mot Cohens støtte til israelske styrkar i Yom Kippur-krigen i 1973.
Rakowitz ser likskap med Cohen i at dei begge kjem frå jødiske familiar og er busette i Nord-Amerika, og fortel om sine eigne oppdagingar som gjorde at han blei ein Palestina-vennleg jøde. Cohen svarer aldri, og Rakowitz får heller ikkje rettane til å bruke musikken hans i dokumentaren.
Ingen kuriositet
Eg blir gåande og gruble på korleis så mange med lette har teke med seg bitar av palasset. Som om ikkje vestleg imperialisme var nok, så kjem IS med dynamitt og videokamera.
Som om ikkje vestleg imperialisme var nok, så kjem IS med dynamitt og videokamera.
Intervjuet med Rakowitz er svært interessant og tankevekkjande, og eg tilrår å bruke den timen det tek, i kinosalen i museet. Han fortel at dei assyriske kulturminna ikkje berre er kuriositetar frå fortida, men ein del av identiteten til eit folk som framleis finst. Assyrarane er i dag ein kristen minoritet som særleg etter 2003 har vore utsett for forfølging.
Han stiller kritiske spørsmål til kor villige me er til å verne kulturskattar og samstundes tillate at folk som framleis lever og tilhøyrer same kulturen, er utsette for stor fare.
Me får i utstillinga sjå andre prosjekt av Rakowitz, til dømes knytt til Talibans øydelegging av Buddha-statuane i Bamiyan i Afghanistan i 2001, men det er rekonstruksjonen av relieffa som gjer størst inntrykk. Ein heil sal vigd til jakta på Cohen, og rekka med spørsmål som Cohen aldri svarar på, blir mest ståande som ei avsporing.
Nyansar
Utfordringane i Midtausten har mildt sagt ikkje blitt mindre i løpet av tida denne utstillinga har stått. Sjølv om Stavanger kunstmuseum lenge har vist modig engasjement langt ut over Rogaland og Noregs grenser, kunne dei ikkje vite at dei med denne utstillinga i så stor grad skulle sette fingeren på pulsen.
I teksten ved inngangen står det at Rakowitz med sin arabisk-jødiske bakgrunn «går tett på Vestens håndtering av konfliktsituasjoner ulike steder i regionen». Det er endelause lag i desse konfliktane. Verken Vesten eller Midtausten er éin ting. Vesten har skuld i mykje, men i lys av den nylege kvinnedagen klarer eg ikkje å la vere å tenkje på at det ikkje var Vesten som for to år sidan kom med lovforslag om å senke samtykkealderen i Irak frå 18 til 9 år.
Er det lov å tenkje at om ikkje delar av palasset var fjerna, ville IS ha øydelagt også desse? Er all vestleg inngripen like lite velkommen?
Når eg skriv dette, står det iranske demonstrantar på torget i Stavanger og jublar for USAs bomber i Iran, trass sivile tap. Dei vil ha fridom.
Bekmørkt og interessant
Utstillinga På vegne av poeter og palasser gir interessant og vond innsikt. Ho viser veg inn i assyrisk kultur og historie, som for mange er mindre kjend enn den greske og egyptiske.
I tillegg set utstillinga lys på korleis ein minoritet ofte blir angripen frå både utland og innland. Men eg saknar meir informasjon og fleire nyansar. Rakowitz' rekonstruksjonar er ved første blikk fascinerande og flotte, men gradvis dannar det seg eit bekmørkt bakteppe som mange minoritetar vil kjenne att: Jo meir du leitar, jo meir ser du kva som er tapt for alltid. Denne typen utstilling er vel så langt frå ei feelgood verkelegheitsflukt som du kan komme, og takk for det.
Fleire artiklar om kunst:
-
Kunst
Galne Tracey frå Margate
LONDON: Tracey Emin, som har gjort seg sjølv om til kunst, er oppe av den djupaste av dalar.
-
Kunst
Kunstkritikk som performance
-
Kunst
Skaparkrafta har ingen alder
Louise Bourgeois er best kjend for enorme edderkoppar i mørkt metall. Men ho er så mykje meir. Utstillinga Echo of the Morning byr på noko av det beste ho har laga i seinare år.
-
Kunst
Til paradis