Bibliotek

Bøker til fjern og nær

Ein konkurs stoppa bokbilane på rute mellom bibliotek i Noreg. Konkursen avdekte kor viktig fjernlån har vorte i Bibliotek-Noreg, og kor sårbar tenesta er.

Publisert

Då eg før­re veke log­ga inn på nett­bib­lio­te­ket til Deichman i Oslo for å be­stil­le ei po­pu­lær bar­ne­bok, duk­ka ei uvan­leg mel­ding opp på skjer­men: «Vi har for tiden in­gen tran­sport mel­lom bibliotekene våre. Det­te vil føre til leng­re ven­te­tid for bestillinger».

Over sto­re de­lar av lan­det fekk bib­lio­tek­bru­ka­rar lik­nan­de mel­din­gar.

En­kel­te har kan­skje fan­ga opp år­sa­ka: Tys­dag 14. ap­ril vart det opna kon­kurs i NBT, også kjent som Norsk Bib­lio­tek­tran­sport AS.

Eit spe­si­elt sel­skap

Går ein inn på nett­si­de­ne til NBT, må ein sjå nøye et­ter for å fin­ne in­for­ma­sjon om bok­tran­spor­ten. Men heilt ned­st til høg­re ligg ei klikk­bar lenk­je med over­sikt over bib­lio­tek­ru­ter i Vest­fold og Te­le­mark, Ag­der, Innlandet, Møre og Roms­dal, Ro­ga­land, Trøn­de­lag og Vest­land.

Klik­kar ein vi­da­re på Vest­land, kan ein fin­ne ut når tran­spor­ten går til dei en­kel­te bib­lio­teka. Tys­da­gar går tu­ren til bib­lio­tek­fi­li­a­la­ne i Jon­dal, Odda og Kin­sar­vik. Ons­da­gar går tu­ren til bib­lio­te­ket i Vaks­dal, ho­vud­bib­lio­te­ket på Voss, Voss gym­nas og Ul­vik. Tors­dag: Ho­vud­bib­lio­te­ket i Kvam og bib­lio­te­ket på Kvam vi­da­re­gå­an­de sku­le. Og slik kan ein hal­de fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement