Kunst
Til paradis
Stephen Thaler / Creativity Machine: «A Recent Entrance to Paradise», 2019.
For nokre dagar sidan kom den amerikanske høgsteretten med ei avgjersle som har fått stor merksemd i kunstfeltet. Saka starta alt i 2019, då informatikaren Stephen Thaler vart nekta opphavsrett for bildet «A Recent Entrance to Paradise».
Bildet var skapt av eit datasystem som han sjølv hadde utvikla. Saka har gått fleire rundar i rettssystemet, til høgsterett tidlegare i mars nekta å ta saka vidare. Med dette vart det sett punktum. Dette betyr at reint AI-generert innhald ikkje kan vernast av opphavsrett.
Avgjerda føyer seg inn i ei rekkje rettslege vurderingar som har slått fast at opphavsretten startar med mennesket. Eit vidkjent døme er «ape-selfien». I 2011 knipsa ei makake-ape i Indonesia nokre bilde av seg sjølv. Eigaren av kameraet prøvde å få opphavsretten til bildet. Parallelt kjempa ein dyrevernorganisasjon for at denne retten skulle gå til apa. Retten avviste søksmåla frå begge hald. Derfor er det fritt fram for alle å nytte dette bildet.
Stephen Thaler argumenterte for at paradisbildet hadde eit menneskeleg avtrykk, om ikkje anna på indirekte vis – det var jo han som utvikla Creativity Machine, den kunstige intelligensen som laga sjølve verket. Men dette var ikkje tilstrekkeleg for å overbevise dommarane. Såleis slår den tidlegare rettsavgjerda fast: Bilde som er genererte av ei maskin utan direkte menneskeleg skapande innsats, kan ikkje få det vernet som åndsverklova gir. Derimot, dersom det ligg reell menneskeleg skapande verksemd i botnen, om det så er ei heilt enkel skisse, så stiller saka seg heilt annleis.
Det finst mange eksempel på kunstnarar som har fått opphavsrett for bilde dei har laga med hjelp av kunstig intelligens. Det betyr likevel ikkje at alt KI-basert materiale er fritt. Dersom du brukar ein modell til å generere bilde som ligg tett opp mot eksisterande verk, kan du fort få problem med åndsverklova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.