Samtalen

Små marginar, store summar

Hotell- og restauranttilsette høyrer til dei mest lågtlønte i Noreg. Likevel ønsker ikkje arbeidsgivarorganisasjonane å betale forskot på sjukepengar om dei blir sjuke.

Tilsette i hotell- og restaurantnæringa har ofte høg arbeidsbelastning, men kan få problem om dei blir sjukmelde. Her gjennomfører fagforeininga Parat ei markering utanfor Amerikalinjen hotell i Oslo denne veka.
Publisert

Så var vi her igjen: streik. Søndag blei det klart at fagforeiningane Fellesforbundet og Parat ikkje blei samde med NHO Reiseliv om lønsoppgjeret for i år. Streikevaktene du ser utanfor hotell og restaurantar landet over, høyrer til dei mest lågtlønte blant oss. Torsdag trappa dei to arbeidstakarorganisasjonane opp til om lag 3000 streikande.

– For oss var det ei heilskapleg vurdering som førte til at vi ikkje klarte å bli samde med arbeidstakarorganisasjonane, fortel Magne Kristensen, forhandlingsleiaren i NHO Reiseliv.

– Kva var smerteterskelen dykkar under lønsforhandlingane i år – kor mykje høgare løn kunne de gi?

– Smerteterskelen kan eg ikkje seie noko om, og det som kom fram under meklinga som blei avslutta på søndag, er underlagt teieplikt. Men vi har alltid tatt ramma i frontfaget som utgangspunkt. I år legg industriverksemdene opp til ein høg lønsvekst, 4,4 prosent.

– Samstundes har realløna i hotell- og restaurantfaga gått ned dei siste ti åra?

– Statistikken blir påverka av at mange arbeidstakarar berre er innom næringa i ein kort tidsperiode. Rundt halvparten av dei som jobbar i restaurant- og hotellbransjen, gjer det gjennom sesong- og sommarjobb, om dei ikkje er i ferd med eller skal byrje å studere. Dei som jobbar i næringa over tid, har hatt god lønsvekst gjennom fleire år. Her har vi vore samde med Fellesforbundet og Parat om prioriteringa: Dei som har dette som yrke, skal få den største lønsauken. Dermed har dei fått høgare lønstillegg enn andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement