Kunst

Galne Tracey frå Margate

LONDON: Tracey Emin, som har gjort seg sjølv om til kunst, er oppe av den djupaste av dalar.

Tracey Emin poserer ved «The End of Love» før opninga av den retrospektive separatutstillinga si 23. februar.
Publisert Sist oppdatert

Ho har blitt intervjua av mange dei siste par månadane, av og til liggande, ikkje med ein kopp te og ei pannekake, men kattane Teacup og Pancake i senga heime i Margate i Sør-England.

Det som gjorde henne kjend, og som har blitt eit hovudverk i britisk kunsthistorie, er nettopp «My Bed» (1998), eit slags sjølvportrett utan henne, basert på eit samanbrot der ho låg nede i dagevis. 

Senga er ein tidskapsel: skitne senge- og underklede, pilleesker, sneipar, brukte kondomar, ein bamse, ei avis, ein epleskrott – det same rasket i 2026 som i 1998.

At ho ligg, er ingen gimmick. Tracey Emin fekk aggressiv blærekreft i 2020 og har urostomipose og smerter etter å ha fjerna omtrent heile underlivet. 

Ho fortel opent om det, blant anna i eit podkastintervju med Louis Theroux: Det var under pandemien, ho sat på taket heime i London etter å ha måla i eit døgn, ho tok eit glas sjampanje, ho var forelska etter eit tiår utan kjærleik, ho hadde kjøpt hus, og ho tenkte at no, for første gong, var ho lykkeleg. To veker seinare fekk ho vite at ho neppe kom til å overleve. Dersom ho overlevde, hadde ho truleg ikkje meir enn fem år igjen, sa legane.

– No har eg levd i fire år, eg blir friskare og friskare, og eg aktar å leve, seier ho i intervjuet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement