Helse
Fråværsmysteriet
Skulefråværet har skote i vêret sidan 2019. Det same har talet på legebesøk blant barn og unge. Samanhengen har ingen sett på.
Sidan 2019 har det blitt langt fleire tomme pultar i norske klasserom. Ingen veit kvifor fråværet har auka så mykje.
Foto: Berit Roald / NTB
Noko underleg har skjedd med norske elevar. Dei siste sju åra har skulefråværet skote i veret, og ingen har ei god forklaring på fenomenet. Medianfråværet i vidaregåande skule er dobla sidan 2019, syner tal frå Utdanningsdirektoratet. På tiande trinn, det einaste trinnet i grunnskulen det finst nasjonal statistikk for, var medianfråværet i siste skuleår i fjor 50 prosent høgare enn det var i 2019.
Mest alvorleg er utviklinga i talet på elevar med svært mykje fråvær. I 2019 hadde under 10 prosent av elevane i tiande klasse i Noreg meir enn 20 fråværsdagar, etter nokre år med svak nedgang. Sist skuleår var det 18 prosent som mista meir enn 20 skuledagar, syner tal frå SSB – ei dobling sidan 2019. Kva er det som skjer?
Internasjonalt
Dette er ikkje noko særnorsk fenomen. Som Aftenposten peika på sist søndag, har skulefråværet skote i vêret i ei lang rekke land dei siste åra. Faktisk syner den same utviklinga seg i alle land som har statistikk for dette.
I Storbritannia vart talet på elevar med meir enn 10 prosent fråvær nesten dobla frå skuleåret 2018–2019 til 2024–2025. Totalfråværet blant britiske elevar auka med 43 prosent i same periode.
I Danmark låg fråværet i grunnskulen årleg mellom 5 og 6 prosent fram til 2020. Så spratt det opp, og har dei siste åra vore mellom 7 og 8 prosent – det vil seie ein auke på kring 50 prosent frå nivået før pandemien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.