Kunst
Skaparkrafta har ingen alder
Louise Bourgeois er best kjend for enorme edderkoppar i mørkt metall. Men ho er så mykje meir. Utstillinga Echo of the Morning byr på noko av det beste ho har laga i seinare år.
Louise Bourgeois: «Peaux de lapins, chiffons ferrailes à vendre» (Kaninskinn, klutar til sals), 2006. Bourgeois er kjend for dei mange cellene ho har utforma. Døra står alltid på gløtt, men du får aldri sleppe inn i dei.
Foto: Eva Furseth
Fransk-amerikanske Louise Bourgeois (1911–2010) arbeidde med kunsten sin heilt ho døydde 98 år gammal. Då hadde ho vore kunstnar sidan midten av 1930-talet, og ho etterlét seg ein rikhaldig produksjon. Ein viss suksess kunne ho skilte med frå første stund, men gjennombrotet kom då ho var sytti år, med ei stor retrospektiv utstilling på Museum of Modern Art i New York i 1982.
Først då klang tidsånda saman med uttrykket hennar, og ho vart over natta verdskjend. Gjennom det lange livet sitt hadde Bourgeois aldri gått på kompromiss eller kasta seg på trendar, men no var tida endeleg mogen for uttrykket hennar. I dag er Louise Bourgeois rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane i nær samtid.
Edderkoppen
Med denne enorme anerkjenninga kom enorme sjansar som Bourgeois tok fatt i med begge hender. Trass i at ho hadde runda dei sytti, var ho framleis dampande av skaparkraft. No vart ho invitert til å stille ut på museum verda over og disponerte mykje meir pengar til å skape kunst med. Verka vart større og dristigare enn nokosinne.
Mange hugsar sikkert den enorme edderkoppen som strekte dei ni meter lange beina sine over den øvre delen av Slottsparken sommaren 2023. Sidan han er uråd å stille ut inne, har skulpturen vore vist i parkar og utanfor museum verda over.
Også i det nye museet for moderne kunst og samtidskunst i Trondheim, PoMo, får vi sjå ein av edderkoppane Louise Bourgeois er vidkjend for. Faktisk to, i tredje etasje står to edderkoppar tett i tett, med beina fletta saman, smekre former som buktar seg innover og utover i ein vakker rytme. Dette er «Spider Couple» frå 2003, innlånt frå Louisiana Museum i Humlebæk utanfor København.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.