Media

Sin eigen herre

Lokalavisa er leirbålet alle sit rundt. Hordaland Folkeblad i Norheimsund har brunne sidan 1873. Redaktør er Sigbjørn Linga. Og eigaren er sjølvsagt Skaar – Camilla Skaar.

Då Sigbjørn Linga vart redaktør i 2013, var opplaget rekordhøgt med 5799 abonnentar. – Sidan har det gått til pisis. Vi har mista 1200–1300 abonnentar. Mange av dei er daude, seier han. Men i fjor hadde dei ein liten auke.
Publisert Sist oppdatert

–Eg tyt fælt, eg er klar over det, seier Sigbjørn Linga.

– Eg er ei bablemaskin, legg han til. I halvannan time har vi sete på det romslege redaktørkontoret som ein gong var bistroen i Norheimsund Fjordhotell. Aviser, dokument og bøker ligg spreitt. To utstoppa ryper på eit skap, eit falma bilete av Linga, bror hans og Bjøro Håland. Nokre innramma broderi: «Ha tro til Gud». I peisen står ei flaske irsk whisky, Jameson.

– Peisen er vel frå bistrotida?

– Ja. Dette var den mest klassiske utestaden i Kvam i nokre tiår. På nittitalet var det lang kø utanfor her. Veslejulaftan var høgdepunktet. Då skulle alle inn. Baren var ute i gangen, og her inne var det drikking og dansing.

– Og no har du redaksjonsmøta her?

– Ja, når me ein sjeldan gong har det. Eg er ikkje så glad i møte. Viss alle er i arbeid, kvifor skal eg hefte dei med møte? Me har møte berre når me treng snakke om noko, elles ikkje. Møte har ein tendens til å flyte ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement