Bok
Poetisk drift og avdrift
Ein merkar energien, verkelysta, det arbeidande, ja, spiringa i desse dikta.
Jonathan August Lengali har skrive fleire diktsamlingar sidan debuten i 2018. Kjelde: Foto: Io Sivertsen
Å lese Jonathan August Lengalis tredje diktbok, Om gay seterdrift, er ei glede. For ein merkar så godt at noko er på gang og rører seg i desse dikta. Og framfor alt opplever ein energien i dikttekstane, det er nett som ein kjenner verkelysta, det arbeidande, det jordbundne, spiringa. Ein høyrer rislinga av vatn.
Samtidspoesien har vore skulda for å mangle konsentrasjon og vere snakkesalig og sjølvopptatt. Lengali er snakkesalig, men det finst avgjort ei poetisk verksam kraft i dette rastlaust jordbrukande skriftstykket, som med det vesle ordet «om» i tittelen markerer at det handlar om erkjenning, om kunnskap, ja, om ein type seterdrift me kan hende ikkje har høyrt så mykje om.
By og land
Ramma er at det lyriske eget kjøper seg småbruk i Nissedal i Telemark. Me høyrer om istandsetjing av falleferdige bygningar, om dyrking av mangold og potet, om vassbering og vasskjelder. Forholdet, eller vekslinga, mellom by- og landlivet blir til motstykke i dikta.
Landidyll versus flimrande urbant liv er ikkje dei einaste kontrastane dikta kvervlar fram, det vekslar kjapt mellom draum, lengt, kjærleik, kroppsleg arbeid, begjær, identitet, fortviling, skuffelse, sakn og sorg. Utbodet av kjensler er rikt og varierande, og eget er uavlateleg utfordra, innanfrå og utanfrå, av spøkelse frå fortida og framtidsfrykt.
Diktsekvensane er borne fram av ønsket om å foreine, lage heilskap, men den utopiske lengselen krasjlandar, strevet lukkast ikkje, heller ikkje seterdrifta: «kålplantene har blitt oppspist av kålmøll, i flere omganger». Likevel sporar ein ei slags fredfull forsoning også: «jeg går ut på det lille jordet mitt// gjør ingenting».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.