Diktet

I første strofe vart eg dregen inn i diktet, skriv Henning Sommerro om «Ord over grind»
 

Publisert Sist oppdatert

Diktet «Ord over grind» av Halldis Moren Vesaas (1907–1995) har gjort inntrykk på mange. Diktet skreiv ho i 1955. Det handlar om nærleik og avstand, og respekt for grensene til kvarandre, fysisk og emosjonelt.

I innleiinga til samlinga Ord over grind, eit utval av dikta hennar frå 1966, skriv ho sjølv om diktargjerninga si: «Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram.»

Kor høgt «Ord over grind» rangerer i produksjonen hennar, veit eg ikkje, men for min del vart eg interessert og engasjert alt då eg såg og høyrde tittelen. Og i første strofe vart eg dregen inn i diktet: Vi går inn til kvar vår grind, men innafor den er kvar av oss einsam. Møtet er prega av tillit og ro, og ei uvisse om at den andre er der sjølv om grinda står.

Eg har ofte ein tendens til å bli meir oppteken av diktaren enn av diktet eller handlinga. Ut frå det eg har lese og høyrt om Halldis, har eg sjølv laga meg eit bilete av livet og gjerninga hennar. Korleis levde ho? Kva tenkte ho? Det er det ho skriv så vakkert om i «Ord over grind». Og kva med alle oss andre? Vi kjem vel heller ikkje lenger fram enn til grinda?

Eg kjende ikkje Halldis Moren Vesaas, men ein gong på slutten av 1980-talet møtte eg henne bak scena på Det Norske Teatret. Eg vart presentert for henne, og eg hugsar ho sa: «Er du Henning Sommerro? Eg trudde du var ein eldre mann, eg?» Det som står att etter det korte møtet bak scena, er auraen hennar av klokskap og kraft.

Eg har tidlegare skrive om diktet til mannen Tarjei, «Innbying», her i diktspalta. At dei to hadde mykje felles, er det ingen tvil om. Men det er vanskeleg å sette dei opp mot kvarandre. Det har heller inga hensikt, da dei kvar for seg står som to bautaer i norsk litteratur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement