Bok
Lette og leikande dikt
Thor Magnus Tangerås skriv god poesi, men samlinga er ujamn.
Thor Magnus Tangerås er forfattar og førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania. Han forskar på korleis litteraturen kan endre oss.
Foto: Tove K. Breistein
Thor Magnus Tangerås er ein produktiv forfattar. Bøkene kjem på rad og rekkje, og samlinga frå 2022 som eg den gongen melde for Dag og Tid, vart rett og slett kalla Ø. No er han komen til slutten av alfabetet, og boka frå i år heiter såleis Å. Bokstaven kan òg tyda «elv» eller «vassveg», og det er nettopp dette flytande og flyktige elementet Tangerås utforskar i boka.
Som i dei førre samlingane er det fyrst og fremst den musikalske klangen til orda han konsentrerer seg om, og det reint semantiske kjem difor i andre rekkje. Han er det leikande menneske, Homo ludens, i poesien. Som filosofen Heraklit sa: Ein kan ikkje stiga ned i den same elva to gonger, og for meg vert det eit motto for rørslene i skrifta til Tangerås: «stor og liten ters kel/ i vatnets tonetrapp/ elvedur og å-moll». For humor har forfattaren så det held, sjølv om låtten ikkje sit like laust i halsen hjå denne lesaren. Men han har òg ein sans for vanskelege framandord som ein i norsk lyrikk må attende til Claes Gill for å finna maken til. Og det er ikkje alltid like morosamt.
Faren med ei slik haldning er at det kan verta for mykje velklang og for lite innhald, og det er diverre tendensar til det. Det vert litt platt til tider: «svartstrupesongaren/ sam sitronbrynsongaren bob hauksongaren/ van gråhovudtimalsongaren patti maskesongaren bowie».
Alf Larsen var den store havdiktaren i norsk poesi, men Tangerås er ikkje ein like god elvediktar. Dikta vert liksom for lette til det, og det verkar som om orda kjem tilsvarande lett til han. Han er mykje betre når han lèt alvorsmannen i seg sleppa til, som ein òg finn i lange passasjar i boka. Her syner han seg som ein genuin poet: «som tunnelar gjennom/ fjell og under fjordar –/ som ringar og årer/ må langdiktet vera».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.