Diktet

Claus Christoffersen Lyschander

«Fyrst skreiv han på latin, så gjekk han over til dansk og bidrog til grunnlegginga av ein poesi på morsmålet.»

Publisert Sist oppdatert

Claus Christoffersen Lyschander (1558–1624) er eit av dei store namna dansknorsk poesi. Lyschander kom frå Skåne. Fyrst skreiv han på latin, så gjekk han over til dansk og bidrog til grunnlegginga av ein poesi på morsmålet.

Lyschander skreiv i rimekrønikestil, med knittelvers. Og det mest kjende verket hans er Den Grønlandske Cronica (1608), om det norrøne Grønland og freistnaden i åra 1605–1607 på å leggje landet under dansk krone. Krønike viser til framstilling av hendingar i kronologisk rekkjefylgje, medan knittelvers er versliner med eit delvis fast tal trykktunge stavingar, men vekslande tal trykklause. I metriske dikt er alle stavingar derimot regulerte.

Det er fyrst med Anders Arrebo at dansknorsk dikting får eit slikt strengt skjema. Det er berre å telja stavingane i kvar line i Lyschanders dikt, så ser du dette i praksis. Det er mogeleg å skrive i rim og rytme utan å fylgje eit metrisk mønster slavisk. Dette er eit tema i Olav H. Hauges dagbøker. Lyschanders rim- og rytme-skjema liknar på det Petter Dass nyttar i Nordlands Trompet, men som er strengt metrisk.

Skriftbiletet er uvant, men så snart ein kjem inn i det, er langdiktet lett å lesa, og spennande òg, jamvel om det er produkt av si tid. Det ser vi av den nasjonale patosen. Men faktisk er det ikkje Danmark, men Noreg som står i sentrum for krønika: «Och da stod Norrig i fæygerste [fagraste] Floer,/ Disz’ lige her icke i Norden var/ Huad Macht oc Vælde kand lange». Vi ser det òg av negative skildringar av inuittane: Dei aktar ikkje «Reenhed, Blysell ey Tuct,/ Dem følger alltid saa strængger en Luct/ Som stinckendde Trann oc Lage».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement