Diktet
Bjarne Østbø og Skymingssong
Bjarne Østbø (1918–1980) er ukjend for dei fleste. Til og med i si eiga heimbygd Surnadal er han langt på veg usynleg. Eg hugsar at Jan Erik Vold ved eit høve sa at det var berre han, Halldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge som hadde trekt fram Østbø. Kan gløymsla ha noko med at han fekk ry på seg for å vere skulemann og litt meir eksklusiv enn dei andre diktarane i området?
Østbø fekk til dømes ut romanen Vindfall og to diktsamlingar på Aschehoug. Kvart ord og innhald var vel gjennomtenkt. Han leverte ikkje frå seg sekunda vare og vart sett på som ein klok og kunnskapsrik mann. Når han rusla opp nyvegen forbi garden der eg voks opp, sa far min: «Sjå! Der går han Sokrates!»
Han var også samlar av lokale ord og uttrykk, noko ligg til grunn for Ord te gagns (Surnadal Heimbygdslag skrifter 2010). I tillegg var han ein populær kåsør som briljerte med bitande sjølvironi lokalt og i NRK radio. Ein einar både munnleg og skriftleg. Han såg alvorleg ut, men innvendig var han godsleg og munter. «Ein alvorleg humorist.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.