Roman

Om svolt og svik

Siste bandet om Arvolas kvenske formoder er eit sterkt vitnesbyrd om grensetilstandar.
  

Ingeborg Arvola (f. 1974) debuterte i 1999 med romanen Korellhuset. Gjennombrotet kom med Kniven i ilden (2022), første band i serien Ruijan rannalla – Sanger fra Ishavet.
Publisert Sist oppdatert

Roman

Ingeborg Arvola:

Ulvespor

Siste band i Ruijan rannalla – Sanger fra Ishavet

Cappelen Damm

Trilogien om Brita Caisa Seipajærvis omskiftelege, dramatiske og ikkje minst strevsame liv har gitt meg og mange andre lesarar eit innblikk i tilhøve vi ikkje visste mykje om. I serien om Arvolas tipptippoldemor utforskar forfattaren livsvilkår av det beinharde slaget, i ei fjern førindustriell fortid. 

Kvenene i Finnmark på 1800-talet er prisgitt nådelause klimatiske tilhøve. Eksistensen deira kunne nesten ikkje vore fjernare frå dei innpakka liva dei fleste av oss nyt no til dags. Forfattaren har imponert med historisk detaljkunnskap om kvensk liv – frå fiske- og handverksteknikkar, sauna- og byggjeskikkar til kulturelle kodar og reglar for takt og tone, tru og overtru. 

Interessant og lærerikt, aller mest i det første bandet. Den litterære kvaliteten har vore noko ujamn. Medan Kniven i ilden vann og vart nominert til fleire prisar, fekk ikkje den andre boka den same mottakinga. I Ulvespor nærmar forfattaren seg iblant nivået frå den første boka, kanskje særleg mot slutten. Då ser ein også dei lengre linene i verket, utviklinga hos hovudpersonen frå ei kvinne så ovleg vakker at det ikkje var til hennar eige beste, til ei utsliten firebarnsmor på absolutt eksistensminimum.

Ulvehunger

Under beinharde livsvilkår har drivkrafta i Brita Caisas liv i stor grad vore begjæret og den romantiske kjærleiken. I den første boka vandra ho frå heimplassen i Neiden ut mot kysten på søking etter eit betre liv for seg sjølv og dei to sønene. Undervegs skjedde eit lagnadstungt møte. Mikkel Aska var ein gift mann, men gjekk frå gard og kjerring for å leve eit usikkert liv med Brita Caisa. Og ikkje berre usikkert, men òg ulovleg etter den tidas rett. Dei måtte båe sone fengselsstraffer for utukt, «forargerlig samliv».

I Ulvespor har paret rømt over grensa til Finland for å kunne leve i fred for fut og prest og folkesnakk. Saman med to små døtrer vil dei skape seg eit liv for seg sjølve i øydemarka. Planen er å livnære seg av jakt og fiske. 

Men Mikko er bonde, ikkje jeger. Sjølv om den dugelege Brita Caisa lærer han opp, blir det smått med fangst. Når fisket òg slår feil, får familien dramatisk lite å leve av. Brita Caisa blandar bark i brødet. Så kjem eit år utan sommar, og sjølv rovdyra svelt og blir farlege. Familien må slakte reinen og kalven. Snart lever dei på randa av utsletting. 

Hungeren endrar ikkje berre kroppen. Sjølve fundamentet i livet deira, kjærleiken, byrjar å vakle.

Randsoner

Personane i Arvolas Finnmark-trilogi rører seg i mange slags randsoner, mellom næring og tæring (her altså brutalt bokstaveleg), mellom lyst og fornuft, det naturlege og det overnaturlege. I tillegg rører dei seg reint fysisk i geografiske og kulturelle grenseområde, det kvenske, norske og samiske. Det er i utforskinga av alle desse grensetilstandane teksten blir verkeleg interessant, når vi kjem heilt inn i Brita Caisas livsverd og kjensler, med levande skildringar av framandarta og magiske førestillingar om korleis verda heng saman. 

Også språket lever mest då, originalt og rikt på vakre metaforar.

Hovudpersonen er ei problematisk og paradoksal heltinne. Stadig set ho snarer for seg sjølv, snublar og fell, trass i at ho har ry som klårsynt. Slik skapar ho djupe rifter og sår i dei rundt seg. Trass i den store avstanden i levevilkår er bøkene universelle for oss i dag. 

Dei fleste kan vel sjå attende på situasjonar i livet og tenkje at der, der valde eg gale. Men då eg var midt oppi det? Eg kunne ikkje anna.