JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Om blikk kunne drepe

Blikk er ungdommeleg og fartsfylt om eit gammal fenomen som har fått nytt namn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Framsyninga syner korleis Canan (Hina Zaidi) blir møtt då ho byrjar på ungdomsskulen.

Foto: Marte Moen Blomstereng

2980
20230609
2980
20230609

Cornerteateret / Festspillene i
Bergen

Mine Nilay Yalcin:

Blikk

Regi og produksjon: Mine Nilay Yalcin
Kostyme: Synne Reichelt Føreland
Lysdesign: Clement Irbil

Den nyaste ordboka eg har, frå 2018, inneheld ikkje oppslagsordet blikking. Men fenomenet er velkjent og har ei lang, lang historie. Eit heftig masseslagsmål mellom jenter på Hersleb vidaregåande skule i Oslo inspirerte den norsk-tyrkiske dramatikaren og regissøren Mine Nilay Yalcin til å lage teaterframsyninga Blikk. Ei fartsfylt og tidvis brutal oppleving både for publikum og jenta som blir utsett for blikkinga.

Paradokset er at alle ønskjer å bli sett, men ingen ønskjer å bli blikka. Her er det tale om å bruke blikket for å utøve makt over andre, ofte støyte dei bort eller korrigere dei på sterkt negativt vis. Det kan minne om «det vonde auget» vi kjenner frå folketrua. Her har det sin parallell i Medusa frå gresk mytologi, ho som etter eit overgrep blei til eit monster som gjorde menneske til stein om dei møtte blikket hennar.

Psykisk vald

Jenter som opplever denne psykiske valden, for det er visst især eit jentefenomen, kan oppleve det som trugande, og i somme høve kan det bli opptakten til større konfliktar. Stundom med bruk av fysisk vald. Men før det eventuelt kjem så langt, er dette ein effektiv form for mobbing som ikkje så lett blir avslørt av til dømes ein lærar eller andre autoritetspersonar. Ofte kan det såre minst like mykje som ord.

Den reine jenteframsyninga på ein så godt som scenografifri scene syner korleis norskpakistanske Canan (Hina Zaidi) med ope sinn og store forventningar om å vinne nye venner når ho byrjar på ungdomsskulen, blir møtt av «Hennes Majestet» og hoffet hennar som berre har eitt mål: å dominere og markere revir ved å halde dei usikre nede. Med ein lærar som ser lite og skjønar endå mindre (og kanskje ikkje er så interessert i å forstå), har dei lett spel overfor den nye eleven.

Fysisk vald

Ulikt mange andre som blir utsette for dei same metodane, maktar Canan å snu spelet ved eit effektivt karatespark. Dramaturgisk verkar dette litt lettvint, ikkje kjenner eg meg heller trygg på at moralen i stykket då blir den beste (sjølv om det kjennest godt å sjå hennar majestet bli detronisert). Det interessante i denne historia er at Canan opptrer så utypisk for ei jente, ho tyr til fysisk vald – eit grep som i vår kultur ofte er «reservert» for gutar, og då lettare blir godteke som «normalt».

Det er fart og rørsle frå byrjing til slutt i den timelange framføringa. Det blir dansa og rappa av fem unge utøvarar som syner stor speleglede og tydeleg veit kva som krevst av dei. Men kvifor dei innimellom tyr til lengre monologar og dialogar, er litt uklart for meg. Rett nok er ikkje engelsk noko framandspråk for dagens unge, men her blir det likevel i overkant.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis