Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.
Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.
Publisert

Dag og Tid legg vekt på å ha ein stram og liten administrasjon der kvar og ein må ta eit eige ansvar. Då er det viktig å ha eit godt styre og ein god styreleiar som kan bidra med råd og rettleiing.

Sveinung har som styreleiar vore viktig for å sikra avisa ei sunn økonomisk drift som har gjeve grunnlag for redaksjonelle satsingar og årleg tingarvekst. Og han har vore avgjerande for å få til ei god plassering av eigenkapitalen til avisa og gunstige husleigevilkår for bladstova. Han har vore ambisiøs, samstundes som han har hatt ei realistisk tilnærming til kva som er mogeleg å få til i ei verksemd av Dag og Tids storleik.

Dag og Tid har vore i jamn, god vekst under Sveinung Lindaas som styreleiar, med eit opplag i dag på 14.500 eksemplar og ei omsetjing på 37 millionar, sett bort frå mediestøtta på 5,6 millionar kroner.

Som styreleiar har han sjølvsagt vore opptatt av alle sider ved drifta til Dag og Tid, og såleis vitja Dag og Tid- stølen kvart år.

Sveinung kjem frå Haugesund, er utdanna siviløkonom og arbeider som direktør for eigedomsforvaltinga i Storebrand. Han har vore aktiv i ungdomslagsarbeid både i Hordalaget, Rogalandslaget og BUL, og som fylkesleiar i Bygdelagssamskipnaden i Oslo.

Sveinung er ein ihuga naturfotograf. Då underteikna ringde han for å spørja om eit råd i februar, var han i eit kaldt kamuflasjetelt i Ungarn og tok bilete av oter, svarttraner, hjort og den fargerike isfuglen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement