JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Surt og slurvete

Fabio Biondis solokonsert på Troldhaugen var ein formidabel nedtur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fabio Biondi under intimkonserten i Griegs villa på Troldhaugen.

Foto: Thor Brødreskift

4095
20230609
4095
20230609

Festspelkonsert

Johan Helmich Roman:

Assaggi à violino solo

Fabio Biondi, barokkfiolin
Griegs villa på Troldhaugen, fredag 2. juni

Sicilianaren Fabio Biondi var frå 2005 til 2016 tidlegmusikkdirigent for Stavanger Symfoniorkester. Han greidde å gjera dette til det beste norske symfoniorkesteret på barokkmusikk. Mest kjend er han for stiftinga av Europa Galante (som gav konsert under Festspillene 1. juni). Dette barokk­orkesteret har sidan 1990 gjeve ut nærare 60 album.

Biondis preferanse har alltid vore det italienske repertoaret, som han meistrar suverent, særleg musikken til Vivaldi, A. Scarlatti, Pergolesi og Corelli. Men han står òg bak ypparlege innspelingar av «utanlandske» komponistar som komponerte i italiensk stil, fyrst og fremst Händel.

Intimkonsert

Heilt sidan eg byrja å interessera meg for tidlegmusikk, har Biondi vore ein helt for meg. Dei høge tempoa, den lette og transparente strykarklangen, den improviserande tilnærminga – slikt særmerkjer innspelingane hans. Men eg har aldri opplevd han på konsert, heller aldri høyrt han spela heilt åleine.

Dette fekk eg høve til på Troldhaugen førre fredag. Intimkonserten verka som ei sjeldan perle under årets festspel, også når det galt repertoaret. For kor ofte får me høyra svensk barokkmusikk i Bergen?

Men – konserten blei ein skikkeleg nedtur. Ikkje av di eg hamna bak eit forheng mellom dei to stovene i villaen og berre skimta Biondis venstrehand på fiolinhalsen. (Slikt hender når ein kjem i siste liten på Troldhaugen-konsert, der seta ikkje er nummererte.) Nei, det største problemet var at han spelte surt, frå fyrste stund av, noko som ikkje betra seg utover i den timelange seansen.

Sveriges Händel

Johan Helmich Roman (1684–1758) går for å vera «den svenske musikkens far». Han var den fyrste framståande komponisten i landet, og som hoffkapellmeister fekk han i stand dei fyrste offentlege konsertane i Stockholm. «Den svenske Händel» blir han òg kalla, for medan Roman budde i London, spelte han nemleg i Händels orkester. Mange av komposisjonane har ein umiskjenneleg «händelsk» svip, sjølv om dei er harmonisk enklare, med meir galant melodikk.

Det galante pregar hans Assaggi à violino solo, ei samling soloverk for fiolin, som truleg blei til i 1730-åra. Omgrepet assaggio har eg ikkje sett nytta i musikksamanheng før, men ifylgje italienskordboka tyder det «smakebit», «prøve» eller «døme». (Hadde Festspillene spandert eit skikkeleg konsertprogramhefte på oss, ville gåta truleg vore løyst.) Uansett: Eg vil karakterisera stykka som ein slags fantasiar, samansette av stutte, kontrasterande avsnitt med alt frå preludium til dansesatsar.

Slurvete

Komposisjonane er interessante. Dei er påhittsame, somme gonger eksentriske og dessutan godt tilpassa fiolinens teknikk. Men sjølv for trente øyro var det vanskeleg å få skikkeleg grep om musikken. Biondi spelte nemleg med slurven artikulasjon, ustabil puls og planlaus frasering at det var vanskeleg å fylgja han.

I fortissimo-partia fanst der stundom reminisensar av den sterke og klåre bogeføringa eg kjenner frå orkesterinnspelingane hans. Men altfor ofte mangla tonen kropp. I pianissimo klang det så ullent og vagt at eg stussa på om instrumentet hans var i orden.

Men Biondi stussa ikkje. Han peiste på: bomma på topptonar, skvisa akkordane som sitronar og slumsa seg gjennom den eine kvikke tiraden etter den andre. Det var vondt å sjå ei stjerne falla på denne måten.

Enkelte lyspunkt fanst likevel. Somme av dei rolege satsane hadde schwung, til dømes «grave»-delen i Assaggio i c-moll, som Biondi framførte med ouvertureaktig spenst. Akkordane i opninga av Assaggio i A-dur var òg fine, utførte med karakteristisk nonchalant gestus. Men når intonasjonen ikkje stemmer, blir bismaken for sterk. Ingen ting kling surare enn ein sur fiolin.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Fabio Biondi spelte surt frå fyrste stund av.»

Sjur Haga Bringeland

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis