JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

12765
20240426

Fakta

Ein rapport som OSSE fekk presentert torsdag, dokumenterer massive menneskerettsbrot mot ukrainske sivile under russisk okkupasjon.

Rapporten var tinga av medlemslanda i OSSE.

Artikkelforfattar Cecilie Hellestveit har vore med på å lage rapporten.

Tortur av sivile har gått føre seg i alle dei okkuperte områda, og metodane er like.

Rapporten syner ei rekkje russiske brot på den fjerde Genèvekonvensjonen, som skal hindre overgrep mot sivile i krig.

Mange ukrainske sivile sit fanga i Russland og blir handsama som kriminelle.

Då russiske styrkar gjekk til full invasjon av Ukraina i 2022, var det ikkje berre ukrainske soldatar dei jakta på. Dei var òg ute etter sivile som kunne verte eit problem for den russiske krigføringa og den påfølgjande okkupasjonen. Russiske soldatar rykte inn i bydelar og landsbyar med ferdige lister over folk som budde i området. Her plukka dei ut tilsette i lokal administrasjon, dei som hadde arbeidd i politiet, folk som hadde avtent verneplikt fleire år tidlegare, og folk som hadde markert seg som negative til Russland. Russarane meinte at folk i desse kategoriane kunne verte truslar mot den russiske kontrollen med Ukraina, og dei gjekk hardt til verks for å førebyggje det.

Somme sivile vart haldne fanga i kjellarar og utsette for forhøyr med tortur – til dømes med ombygde feltradioar som kunne sende elektriske støyt mot ulike kroppsdelar. Behandlinga var ikkje dødeleg, men smertefull. Denne torturen vart kombinert med lite mat og vatn, bind for augo, slag og truslar om avretting. Somme stader var mat og vatn berre for dei som hadde «verdifull» informasjon å gje, for det var særleg informasjon dei russiske soldatane var ute etter. Andre stader fekk soldatar gjere heilt som dei ville. Det kunne vere å skjere bokstavane RF (Russiske Føderasjon) med kniv på rumpa til ein sivil fange, eller stable skolause, bakbundne sivile med bind for augo som vern mot eld frå ukrainske styrkar.

«Russland ser ut til å ignorere heile den fjerde Genèvekonvensjonen.»

Historiene til dei sivile ukrainarane som har sloppe ut frå russisk krigsfangenskap, er skakande. Tortur har gått føre seg i alle dei okkuperte områda. Fordi metodane er forbløffande like i alle områda der russiske styrkar rykte inn, i sør, aust og nord, verkar torturen planlagd og systematisk. Ein rapport som vart lagd fram for statane i Organisasjonen for fred og samarbeid i Europa (OSSE) denne veka, og som underteikna har medverka til, konkluderer med at Russland er ansvarleg for massive brot på menneskerettar og reglar for krigføring i og med handsaminga av sivile ukrainarar etter invasjonen i 2022.

Genèvekonvensjonane frå 1949

Den andre verdskrigen – den siste store mellomstatlege krigen i Europa før Russland invaderte Ukraina i 2022 – var skilsetjande. Sivile vart deporterte, tvangsflytta og internerte i konsentrasjonsleirar over mykje av kontinentet. Jødar, sigøynarar, utviklingshemma og opposisjonelle vart haldne i sivilt krigsfangenskap. Dei vart utsette for grufulle ugjerningar, og mange millionar av desse fangane kom ikkje levande frå det. Då krigen var over, vart statane i verda einige om å styrke reglane som skulle verne sivile krigsoffer, altså sivile som hamnar i fangenskap hjå fiendestaten. Dei skulle handsamast på humant vis, og skulle ikkje lenger kunne gjerast til reiskap for den krigførande staten. Også sivile skulle sjåast på som krigsoffer om dei var fanga av fienden.

Forhandlingane munna ut i dei fire Genèvekonvensjonane frå 1949. Dei tre fyrste er reforhandla avtalar, og handlar om skadde og sjuke soldatar, skipbrotne soldatar og krigsfangar (soldatar som er tekne til fange av fienden). Dei skal handsamast på humant vis, ikkje torturerast, dei skal få mat og pleie, og krigsfangane skal sendast heim att idet krigen er over. Den store nyskapinga etter krigen kom med den fjerde Genèvekonvensjonen, ein traktat som vernar dei sivile mot dei verste herjingane til framrykkjande styrkar og framande okkupasjonsmakter. Denne konvensjonen vert sett på som det viktigaste juridiske arvesølvet verda tok med seg vidare etter andre verdskrig, og alle statar i verda har slutta seg til han. Fram til 2022 har det særleg vore i andre delar av verda at den fjerde Genèvekonvensjonen har vorte nytta. Krigen i Ukraina er den første store prøva for konvensjonen i Europa.

Frå framlegginga av OSSE-rapporten i Wien. Hellestveit til venstre.

Foto: Knut-Are Okstad

Asymmetri

Den prøva går ikkje godt. Ettersom Russland er framrykkjande invasjonshær i Ukraina, medan ukrainske styrkar ikkje har tilsvarande kontroll over russisk jord og russiske innbyggjarar, er det ein grunnleggjande asymmetri knytt til den fjerde Genèvekonvensjonen i denne krigen. Det er annleis når det kjem til kombatante (soldatar), der både russiske og ukrainske soldatar vert sette ut av spel av skade eller sjukdom og er prisgjevne fienden, eller vert fanga på anna vis. Fram til no har over 50 organiserte utvekslingar av krigsfangar funne stad, og tusenvis av soldatar har vorte henta heim til kvar side. For reglane som gjeld soldatar som er krigsfangar, finst det ei klar gjensidig interesse: Der har Russland sterk eigennytte av å overhalde Genèvekonvensjonane. Slik er det dessverre ikkje med dei sivile i denne krigen.

«Mange sivile ukrainarar vert haldne i russisk fangenskap inkognito. Ingen veit kvar dei sit fanga, eller kor mange dei er.»

Handsaminga av ukrainske sivile ber preg av at Russland ser ut til å ignorere heile den fjerde Genèvekonvensjonen. I dei innleiande fasane av invasjonen har russiske styrkar gått breitt ut og internert sivile dei meiner kan vere ein trussel. Dei nyttar dei sivile fangane til å presse fram informasjon om andre, og deretter går dei endå breiare ut. Dei sivile fangane vert «filtrerte» i leirar og delte opp i grupper. Dei som vert sett på som framtidige lojale borgarar av den russiske føderasjonen, slepp fri. Dei som er erklært pro-ukrainske eller har noko anna ved seg som gjer okkupasjonsmakta skeptisk (til dømes om dei har tatoveringar som syner pro-ukrainske haldningar, eller om dei har familiemedlemmer i dei væpna ukrainske styrkane), kan verte internerte.

Sivilt krigsfangenskap

Både sivile som har vorte hanka inn tidleg i striden, og sivile som vert «filtrerte» seinare, hamnar i sivilt krigsfangenskap. Nokre vert haldne i okkuperte område, medan mange vert sende til Russland. Her er det mykje plass i fengsel og straffekoloniar som vart tømde då Russland mobiliserte hæren sin etter den ulovlege annekteringa av fire ukrainske provinsar i september 2022. Wagner-gruppa forsynte seg grovt av russiske kriminelle som kanonføde (i byte mot ein slant pengar og amnesti for gamle synder). Dermed kunne fengsla i Russland fyllast opp av ukrainske fangar – både sivile og soldatar. Men krigsfangar og sivile internerte er ikkje kriminelle, og skal heller ikkje behandlast slik.

Den fjerde Genèvekonvensjonen gjev klåre reglar for korleis sivile som er internerte hjå fienden, skal behandlast. Dei skal registrerast, og informasjon om dei skal sendast til familien deira og til fiendestaten (som slik får vite at dei er i live). Den internasjonale raudekrosskomiteen (ICRC) skal ha tilgang til der dei vert haldne fanga, for å kunne undersøkje forholda dei lever under. Eit slikt system ser ikkje ut til å vere etablert av Russland. Det gjer at mange sivile ukrainarar vert haldne i russisk fangenskap inkognito. Ingen veit kvar dei sit fanga, eller kor mange dei er.

Ei form for kidnapping

Dei sivile som tilhøyrer fienden, kan berre haldast internerte etter fjerde Genèvekonvensjon dersom dei utgjer ein konkret trussel mot okkupasjonsmakta. Truslar endrar seg jo, og det må derfor setjast opp tribunal som minst kvart halvår vurderer om trusselen framleis er der. Slike tribunal ser ikkje ut til å eksistere. Det gjer at dei sivile ukrainarane i russisk krigsfangenskap ikkje har nokon klår veg ut av fangenskapet. Og behandlinga dei får, er etter alt å døme svært dårleg. Det gjer igjen at russiske styresmakter kan diktere vilkår for å lauslate dei. Til dømes må somme betale løysepengar (gjerne til lokale fengselssjefar). Det gjer i praksis fangenskapet deira til ei form for kidnapping.

Andre fangar vert pressa til å underteikne dokument der dei tilstår brotsverk som gjer dei til kriminelle i Russland. Dei vert sette fri mot å forlate Russland – inkludert deira eigne heimar, som no er på okkupert område. Dette er ei form for deportasjon av sivile, noko som er strengt forbode. Atter andre vert pressa til å innrømme at dei har samarbeidd med russiske styrkar eller styresmakter. Det gjer at dei kan straffast i Ukraina for samarbeid med fienden (altså landssvik). Då dreg dei ikkje til Ukraina, men kanskje til eit tredje land. Og plutseleg ein dag i framtida kan russisk etterretning ta kontakt og true med å lekke desse vitnemåla som ser ut til å vise landssvik.

Manglande russisk respekt for den fjerde Genèvekonvensjonen set sivile ukrainarar i krigsfangenskap i ein ekstremt sårbar situasjon, som okkupasjonsmakta kan nytte til ei mengd andre ulovlege føremål. Det er akkurat det reglane om krigsoffer er meinte å hindre.

«Russiske republikkar»

Russland er langt frå den einaste okkupasjonsmakta som bryt desse reglane. Mange hugsar til dømes kva USA gjorde i Irak etter invasjonen i 2003. Likevel er det som skjer i Ukraina no, meir alvorleg. Russland, som andre okkupasjonsmakter før dei, søkjer å unndra seg okkupasjonsretten fordi Moskva har annektert desse områda. Dette er land og folk Russland vil ha – då med unntak av folk dei forsøkjer å verte kvitt. Til liks med Krimhalvøya er dei fire ukrainske provinsane i aust (Donetsk, Luhansk, Zaporizhzhia og Kherson) i aukande grad for «russiske republikkar» å rekne for Moskva. Dermed er russarane fint lite interesserte i å nytte fjerde Genèvekonvensjon for okkupert territorium, sidan den forbyr mykje av det Russland har planar om å gjere.

Russland sjølv dreg nytte av eit sentralt skilje i folkeretten mellom statusen til eit område og retten til maktbruk (ad bellum) og reglane for sjølve krigen (in bello). Sjølv om Russland har gått til aggresjonskrig (reglar om ad bellum), har russiske soldatar framleis rettar under Genèvekonvensjonane, til dømes dersom dei vert tekne til fange. Men når Russland sjølv hevdar at desse områda er okkuperte (ad bellum), ser Russland ut til å nekte å gje tilsvarande rettar til ukrainske sivile.

Den største prisen for dette brotet betalar eit ukjent tal ukrainske sivile i russisk krigsfangenskap. Men om russarane får halde fram slik, kan dette komme til å koste endå dyrare på sikt. I praksis søkjer Russland å ta verda attende til tida før den fjerde Genèvekonvensjonen – altså til dei spelereglane som gjaldt under den andre verdskrigen.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Sitat frå OSSE-rapporten

Russland utset ukrainske sivile for alvorlege og vilkårlege brot på humanitærretten, og menneskerettane, ifølgje rapporten. I tillegg, meiner utvalet, driv Russland krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeætta.

Nedanfor følgjer nokre utvalde sitat frå rapporten, forfatta av utvalsmedlemane Veronika Bilková, Cecilie Hellestveit og Elīna Šteinerte:

«Utvalet har rimeleg grunn til å tru at Russland har fråteke tusenvis av ukrainske sivile fridomen deira. Sidan fridomsfråtakinga ikkje møter vilkåra for fridomsfråtaking under den internasjonale humanitærretten og dei internasjonale menneskerettane, eller ikkje tilfredsstiller dei prosessuelle garantiane som desse reglane krev, er ukrainarar utsette for vilkårleg fridomsfråtaking og må verte sleppte fri umiddelbart.»

«Dokumentasjonen utvalet har samla inn, deriblant vitneuttalar, gjev eit klart inntrykk av at russiske styresmakter driv omfattande og systematisk tortur mot ukrainske sivile. Også andre internasjonale menneskerettsaktørar, slik som FNs høgkommissær for menneskerettar og OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar, deler det synspunktet.»

«Utvalet finn truverdige prov som tilseier at nokre av desse brotsverka utgjer krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeætta, så framt dei ansvarlege vert identifiserte».

«Utvalet tilrår mellom anna at Den russiske føderasjonen:
- med ein gong stansar den vilkårlege fridomsfråtakinga av ukrainske sivile, og slepper dei fri straks og utan vilkår
- med ein gong set i verk revisjonstiltak for å hindre at ukrainske sivile vert utsette for vilkårleg fridomsfråtaking
- set i verk tiltak for å sikre at fengsla ukrainarar får ein rettferdig rettargang, vert handsama i tråd med grunnleggjande menneskeverd og ikkje vert utsette for umenneskeleg eller nedverdigande handsaming.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis