JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Froskekonsert

Isabelle Faust fekk fram Telemanns musikalske humor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Isabelle Faust som solist med Akademie für Alte Musik Berlin i Håkonshallen.

Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes

3823
20230609
3823
20230609

Festspelkonsert

Georg Philipp Telemann:

Orkester- og kammermusikk

Isabelle Faust, barokkfiolin; Akademie für Alte Musik Berlin; fiolin og leiing: Bernhard Forck.
Håkonshallen, sundag 4. juni

Georg Philipp Telemann var ikkje berre ein av dei mest produktive komponistane i musikksoga. Han er òg den mest allsidige eg veit om. Førre sundag fekk barokkorkesteret Akademie für Alte Musik Berlin fram breidda i instrumentalmusikken hans, med alt frå elegant dansemusikk, akademiske sonatar og staselege trompetfanfarar til ein fiolinkonsert med lydar frå dyreriket.

Når det galt solisten Isabelle Fausts prestasjon, kunne ikkje kontrasten til Fabio Biondis konsert på Troldhaugen to dagar føreåt vore større: Med suveren teknikk og intonasjon rådde ho fullt og heilt over barokkfiolinen. Eit slikt mangfald i klangnyansar har eg sjeldan høyrt make til på dette instrumentet. I tillegg var affektane ho uttrykte, altså dei ulike kjenslene i satsane, alltid klåre og tydelege. Kort sagt: Det publikum i den fullsette Håkonshallen opplevde denne kvelden, var fiolinspel på sitt aller beste.

Suite og sonate

Programmet byrja i fransk stil, med Orkestersuite i h-moll, TWV 55:h4, som opnar med ein prektig ouverture, fylgd av seks karakteristiske dansesatsar. Denne musikkforma, som eigentleg er ein slags opera eller ballett utan songarar og dansarar, var mellom dei mest populære i Tyskland kring 1700. Det er utruleg å tenkja på: Telemann komponerte hundrevis av slike suitar, i periodar to per veke.

I Triosonate nr. 3 i h-moll, TWV 42:h3, fekk orkesteret kvila. Stykket er frå samlinga Sonates Corellisantes (1735), som kan omsetjast til «Corelliserande sonatar». Her etterliknar Telemann nemleg komposisjonsstilen til Arcangelo Corelli, ein av barokkmusikkens founding fathers. Sonaten skilde seg ut, både av di han er relativt akademisk, og sidan besetninga med berre to fiolinar og basso continuo var klangleg svak. I dette orkesterprega konsertprogrammet gav han difor eit litt bleikt inntrykk.

Kvintett og konsert

Sterkt klang derimot dei to verka med trompet, eit instrument som i barokken blei nytta når storfelte og krigerske tankar skulle uttrykkjast. Det mest interessante av dei to var Kvintett i D-dur, TWV 44:1 (også kalla «Sonata» eller «Sinfonia»). Her spelar nemleg trompeten ikkje berre dei vanlege «støyta» sine, eller fanfarar – han har skikkelege melodiar.

Trompetisten Ute Hartwich spelte mest heilt feilfritt. Dette er ikkje sjølvsagt, for ho nyttar naturtrompet, den barokke trompettypen utan ventilar, der ein berre kan forma tonen gjennom måten en blæs og spenner leppene på. Fyrstestasen «Sinfonia spirituoso» (som blei repetert som ekstranummer) er ei perle. Ein stutt bassmelodi dannar grunnlag for ei rekkje variasjonar i overstemmene, med så iøyrefallande melodiar at eg blei gåande å plystra på dei i dagevis.

Høgdepunktet var likevel froskekonserten: Fiolinkonsert i A-dur «Die Relinge», TWV 51:A4. Reling er eit gamalt tysk ord for «frosk» (nærare bestemt den etelege typen kalla hybridfrosk). Orkesterforspelet i «Allegro»-satsen byrjar heilt ordinært. Det er fyrst når solisten kjem inn, at kvekkinga byrjar. Og som Faust kunne kvekka! Snart kvekka heile orkesteret med, og ein gedigen froskekonsert voks fram. Teknisk oppnådde strykarane denne effekten gjennom snøgge tonerepetisjonar, der tonehøgda på einskildtonane blei «bøygde» nedover.

Det er denne typen musikalsk humor som gjer Telemann så eineståande. Men om humoren hans blir tolka overtydeleg, kling det berre plumpt. Det gjeld å finna den rette balansen mellom skjemt og alvor, noko Akademie für Alte Musik Berlin lukkast med.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis