JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Sjeldne tonar

Festspillene lyfter fram Anne-Marie Ørbecks skifterike verk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingrid Søfteland Neset som solist i Ørbecks «Pastorale og allegro for fløyte og strykeorkester».

Foto: Johanne Karlsrud

3404
20230602
3404
20230602

Festspelkonsert

Anne-Marie Ørbeck:

Portrett av Anne-Marie Ørbeck

Ymse solistar; Bergen Filhar­moniske Orkester; dir.: Anna-Maria Helsing.
Håkonshallen, tysdag 30. mai

Anne-Marie Ørbeck er årets festspelkomponist, sjølv om ho er død. Nokre biografiske merknadar trengst: Ho voks opp i ein musikalsk familie i Oslo, studerte klaver og komposisjon der og i Berlin og debuterte som solist med eit imposant program i Universitetets aula i 1933.

Krigen sette ein stoppar for pianistverksemda. I 1940 flytta ho til Bergen, der ho blei buande. (At bergensarane reknar henne som «bergenskomponist», er ikkje underleg, i ein by der alt som blir gjort to gonger, er tradisjon.) Men som komponist heldt ho det gåande. Symfonien, fullført i 1944, er den einaste symfonien skriven av ei kvinne i Noreg. Han blir framført under Festspillenes avslutningskonsert i Grieghallen komande onsdag.

Komponistriss

Under portrettkonserten i Håkonshallen tysdag fekk me eit riss av komponistgjerninga hennar, framført av Bergen Filharmoniske Orkester under Anna-Maria Helsings presise taktstokk. Generelt kan Ørbecks tonespråk karakteriserast som melodiøst. Her er mykje folkemusikkinspirert melodikk og tonalitet, krydra med fritonale vendingar og kompleks rytmikk i dei snøgge satsane.

Mest tradisjonelt lét dei tre fyrste programpunkta: orkesterstykket Melodi (1939) og orkestersongane «So rodde dei fjordan» og «Vill-Guri» (urframførte i 1963). Songane med tekst av høvesvis Aslaug Vaa og Tor Jonsson blei framførte med varm og rund sopranrøyst av Annika Synnøve Beinnes. Som komposisjon er «Vill-Guri» den klårt sterkaste.

Pastoral fløyte

Eit døme på Ørbecks etterkrigsstil er Pastorale og allegro for fløyte og strykarar (urframført i 1960), som er skrive med fin dialog mellom solist og orkester. Andresatsen har ei aggressiv fløytestemme som blei energisk spelt av Ingrid Søfteland Neset. (Eg tykkjer forresten ho stundom kunne blåst endå sterkare for slik å hevda seg betre mot orkesteret.)

Det mest omfangsrike programpunktet var Concertino for klaver og orkester (urframført i 1938), Ørbecks fyrste store kompositoriske suksess som ikkje har vore å høyra på 76 år. Dette rapsodiske verket, som bognar av skifterike musikalske idear, er både interessant og minneverdig, men var krevjande å lytta til.

Detaljrikt partitur

Pianisten Kei Solvang presterte i og for seg utmerkt heile vegen. Men særleg i den marsjaktige fyrstesatsen kunne ein merke noko slark i samspelet mellom solist og orkester. Samspelet fungerte betre i den virtuose andresatsen, som er prega av «skeive» rytmar og uregelmessige periodar. Eg fekk ikkje med meg alle dei rytmiske detaljane i framføringa, for partituret er komplisert og tempoet var høgt.

Dessutan: For at eit brot skal ha verknad, må det bryta med noko som er etablert. Når episodane blir så korte som her, når dei ikkje får «sett seg» i hugen til lyttaren før noko nytt blir introdusert, forsvinn kontrastane.

Den rolege tredjesatsen har ei effektfullt innleiing med cello solo. Her syner Ørbeck seg som klangkunstnar: Dei tette, skimrande akkordane i klaverets høgste register må vera næraste ein kjem nordlys i musikken. Sistesatsen er også skifterik. Men her er bolkane lengre, så stemningane rekk å etablera seg før nye blir innførte.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis