Film
Nedtur med gondolen
Lange kortfilmar har det med å ikkje fenga meg.
To unge gondolførarar får eit godt auge til kvarandre.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Då den gamle gondolføraren døyr, får Iva (Irrman) ein ny kollega, Nino (Soselia). Dei to kvinnene ser kvarandre nesten berre når dei passerer kvarandre i vognene over den vakre, georgiske dalen, men det er nok til å vekka varme kjensler.
For å uttrykka desse lagar dei ordlause, musikalske beskjedar som dei framfører med stadig meir staffasje.
Sakartvelo!
Dei siste åra har eg kost meg med georgiske filmar som Mandariner (2013), Corn Island (2014) og I morgen danser vi (2019). Georgia er eit rikt land, både i kultur, natur, språk og ei fascinerande historie, noko dei nemnde filmane har fått fram med glans. Den glansen er for det meste borte i Gondola, utanom det med naturen.
Dei to gondolvognene dinglar usedvanleg fotografisk vakkert i lufta og passerer som skip på havet. Det er så eg mistenker den tyske regissøren Veit Helmer for å ha vore på ferie, sett dette og tenkt at dette hadde teke seg bra ut på film. Og det gjer det, men utanom det så er historia og regien omtrent like fengande som den berømte målinga som tørkar.
Dei to vakre skodespelarane har lite å gå på utanom å vera vakre, utan at dei kan få skulda for det, for filmen er heilt utan dialog. Tenk Wallace og Gromit, så har du omtrent korleis det høyrest ut når dei ler, stønnar, okkar og elles uttrykker seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.