JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Naturen i mennesket

Jane Austen kjenner kvar krok av sinnet til karakterane sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrett av Jane Austen (1775–1817).

Portrett av Jane Austen (1775–1817).

Ukjend kunstnar / Skald

Portrett av Jane Austen (1775–1817).

Portrett av Jane Austen (1775–1817).

Ukjend kunstnar / Skald

3614
20220624
3614
20220624

Roman

Jane Austen:

Northanger Abbey

Omsett av Marie Nedregotten Sørbø
Skald

Nokre bøker vil ein lesa, og gjerne lesa om att, av di dei rører ved eitkvart i oss, medan andre er interessante ved måten forfattaren skriv på. Northanger Abbey av Jane Austen, som no for fyrste gong ligg føre på norsk, interesserer ikkje denne lesaren på grunn av handlinga, men ved den djupe innsikta forfattaren hadde i menneskesinnet.

I romanen møter me unge Catherine Morland, og forfattaren presenterer henne ved å slå fast at ingen «ville ha teke henne for å vera fødd til heltinne». Om far hennar seier Austen at han var ein «svært respektabel mann, trass i at han heitte Richard», og då forstår lesaren at Austen både har funne ein munter grunntone til romanen, og at ho har noko på hjartet når det gjeld romanar, som på hennar tid ikkje stod så høgt i kurs hjå den intellektuelle eliten, men var god tidtrøyte for alle som hadde tid og høve til å lesa.

Fantasi og røynd

Ho skriv seg med vilje bort frå den litteraturen som var populær i samtida, gotiske skrekkromanar der nettene var mørke og stormfulle, og grufulle hendingar fann stad på skumle slott, og ho nyttar kulissane frå desse til å syna kva litteraturen faktisk kan utretta. Når handlinga omsider når fram til Northanger Abbey, får me til og med ei mørk og stormfull natt på kjøpet.

Men Austen lèt seg ikkje freista av sjangeren, ho nyttar høvet til å lære hovudpersonen sin ei lekse når det gjeld skilnaden på fantasi og røynd. Catherine er ei kort stund som ein etterkommar av Don Quijote når ho, sterk inspirert av romanar ho har lese, meiner å sjå teikn på skumle intrigar og fælslege hendingar i det gamle klosteret, men ho kjem grundig ned på jorda att når den prosaiske røynda avløyser den romantiske fantasien.

Lenge før det får me vera med Catherine til byen Bath, der ho bur saman med herr og fru Allen. Ho møter snart nye vener, og tida går med til standsmessig lediggang, for få av personane ho er i kontakt med, er plagsamt sysselsette med plikter. På det ytre planet hender det lite, medan det derimot er mykje som går føre seg inne i hovudet på folk. Her ligg spenninga i brotne lovnader, i sosiale dobbelbookingar og nesten usynlege brot på høvisk framferd.

Skilnad i språkbruk

Det sosiale spelet er så innfløkt at ein heile tida lyt ha tunga rett i munnen, folk vert fornærma for den minste ting, og det i ei tid då fridomen til den einskilde var sterkt avgrensa, ikkje berre av lovene, men også av skrivne og uskrivne reglar for takt og tone. Likevel møter me folk som bryt med desse reglane, eller som mistenker andre for slikt, og ein kan også merka seg skilnad i språkbruken mellom personane, der ein mann som heiter John Thorpe utmerker seg i negativ lei, ved bannskap, sjølvskryt og overdriving, men nettopp slik vert han ein av dei mest levande personane i boka, sjølv om Austen ikkje bruker mykje tid på han.

Intrigane i boka er som sagt ikkje så spennande i seg sjølve, men måten folk agerer på i samband med dei, er derimot veldig interessant. Austen kjenner kvar krik og krok i hovudet til Catherine, og skildringa av tankane hennar er eit studium av naturen i mennesket, eller, slik undertittelen til ei bok av William James i si tid vart omsett til nynorsk: Ein etterrøknad um mannanaturi.

Marie Nedregotten Sørbø har omsett romanen til friskt og godt nynorsk og utstyrt boka med eit opplysande etterord.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det sosiale spelet er så innfløkt at ein heile tida lyt ha tunga rett i munnen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis