Natur i konsentrert form
«Higurashi», japansk kvit furu, 70 cm høg.
Foto: Omiya Bonsai Art Museum, Japan
Den forblåste furua kan minne om treet som klorar seg fast på kanten av stupet i «Birk i storm», signert Johan Christian Dahl. Men dette er ei furu i miniatyr, eit bonsaitre. Medan Dahl måla verket sitt i 1849, starta foredlingsprosessen av miniatyrfurua på slutten av 1500-talet.
Bonsai er kunsten å forme ørsmå tre i ei potte. Om trea hadde vore planta i jorda på vanleg vis, ville dei vorte vanlege tre. I staden for å strekke hals for å granske eit tre som er langt større enn oss, fangar vi hele bonsaitreet med eit blikk – det vert ei naturoppleving i konsentrert form.
Eit bonsaitre er ein levande skulptur som utviklar seg gjennom tid, eit bindeledd mellom fleire generasjonar av kunstnarar som arbeider i den same tradisjonen og etter dei same estetiske prinsippa.
Det er utvikla ein heil filosofi kring bonsai. Det er eit krevjande arbeid å halde trea små, dei må pottast om, vatnast og beskjerast. Med hjelp av kopartråd vert greiene forma, litt om gongen, gjennom mange år. Treet veks og endrar seg kontinuerleg. Det er eit samspel mellom ønsket mennesket har om form, og krafta i treet. Meisteren arbeider etter korleis kvart og eit tre responderer.
Dette betydelege tidsspennet gir trea ein særeigen estetikk. «Higurashi» vert rekna for å vere det vakraste bonsaitreet i Japan og er om lag 450 år gamalt.
Higurashi er eit japansk ord for ein type sikadar som plar synge på varme sommarkveldar. Venleiken i «Higurashi» ligg i dei asymmetriske formene, måten den eine delen av stammen smyg seg langs bakken, medan den andre krøker seg oppover. Dei kvite, døde trepartia på eit bonsaitre, kalla shari, som kan omsetjast til «relikvie», vert høgt verdsette.
I utforminga av treet brukar ein mange prinsipp som er viktige for tradisjonell visuell kunst, som linje, form, tekstur og rytme. Men det som gjer bonsaitrea unike, er tida som vert lagd ned i kvart og eit av verka.
Ein bonsaimeister vil forme treet heile livet, men kan aldri fullføre prosjektet sitt, det må overlatast til ein yngre meister. Med godt stell kan trea verte meir enn tusen år gamle.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.