JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Eit uforløyst potensial

Dei løynde aktivitetane i fotostudioet Høeg & Berg er ein fin måte å markere prideåret på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Marie og Bolette i båt» (utsnitt), handkolorert, 1895–1903. Inkjetprint frå digitalisert glasnegativ. Preus museum.

Foto: Berg & Høeg

7603
20221111
7603
20221111

Over regnbuen

Preus museum,
Horten

28. mai–8. januar

Det første fotografiet vi møter, er blåst stort opp og vakkert tilpassa ein av veggnisjane med kvelva tak. Dette er eit klassisk studioportrett, eit kjærastepar sit i ein robåt på ein sjø av sjenerøse mengder grovt lerret, kvinna i sid kjole og overdådig pynta hatt ser inn i naturen i bakteppet.

Bildet minner om så mange andre, to personar i robåt i fotostudio var ein populær måte å la seg portrettere på. Men det som gjer dette så spesielt, er at personen med det klåre blikket og den blå dressen slett ikkje er ein mann, men ei kvinne. Auga stirar framfor seg, rett til sides for oss. Det er dette intense blikket, dei blå skuggane under auga, som fangar merksemda vår.

Det vi ser, er ei forboden scene iscenesett av stemmerettsaktivistane og fotografane Marie Høeg (1866–1949) og Bolette Berg (1872–1944). Bildet vart først funne på 1980-talet. I to små øskjer låg glasnegativ som avdekte ei strengt hemmeleg lita verd, og det er henne vi får stige inn i på Preus Museum. Denne delen av utstillinga Over regnbuen, som omhandlar arbeida og liva til Høeg og Berg, dannar ei annleis og tankevekkande markering av at det er 50 år sidan homofili var avkriminalisert.

Ei ujamn utstilling

Resten av utstillinga held dessverre ikkje same kvaliteten. I delen der museet fabulerer over kva utstilling Høeg og Berg ville sett pris på, har dei leita gjennom den sterke og omfangsrike samlinga, og også lånt inn verk, og invitert kunstnarar til å lage arbeid særskilt for markeringa, tilsynelatande med det skeive som einaste fellesnemnar. Vi får sjå verk frå tidleg 1900-tal fram til i dag, norske så vel som utanlandske, med ei stor breidde av sjangrar, frå dokumentarfoto til portrett og videoverk – endåtil elevarbeid – og ein heilt malplassert ammestol. Svært ulike kunstnarar er sette saman hulter til bulter. Trass i at mange av verka er sterke, vert resultatet for rotete – det spriker i fleire retningar enn ei utstilling kan tole.

Eg er usikker på om inneklimaet i lokala er bra nok. Fleire av fotografia har tydelege bølger, noko som tyder på for mykje luftfukt. Dette er særs uheldig å sjå i eit nasjonalt fotomuseum, ein tittel som fordrar profesjonalitet. Museet har slitt med for små bevillingar over lengre tid. Dei høge straumutgiftene har gjort situasjonen ekstra krevjande. Det er viktig at eit så viktig museum som dette får tilstrekkelege midlar til å ta vare på arbeida sine.

Ikkje minst er det uheldig å blande inn elevarbeid laga i samband med eit kort kurs på ein vidaregåande skule saman med verk av profesjonelle kunstnarar, utan at dette er tydeleg merkt. Dette gjer utstillinga vanskeleg å lese, og kan opplevast som ei problematisk handsaming av dei profesjonelle verka. Eg saknar ein meir gjennomtenkt plan for utstillinga, med tydelegare overgangar mellom kvart undertema. Utstillinga har såleis eit stort uforløyst potensial.

Samstundes er den første delen av utstillinga om Marie Høeg og Bolette Berg svært interessant, og kan sjåast på som ei utstilling i seg sjølv. Eg skulle gjerne sett at museet hadde nytta høvet til å laga ei meir omfattande utstilling av desse to.

«Marie Høeg i vidt strikket undertøy (Macco)», ca. 1895–1903. Digitalisert frå glas­negativ. Preus museum

«Marie Høeg i vidt strikket undertøy (Macco)», ca. 1895–1903. Digitalisert frå glas­negativ. Preus museum

Foto: Berg & Høeg

Forbodne scener

Etter utdanning i Finland etablerte Marie Høeg og Bolette Berg fotostudio i Horten frå 1895 til 1903. Fotografi var eitt av få yrke der kvinner kunne utfalde seg. At dei faktisk levde saman som meir enn venninner, måtte dei halde for seg sjølv. Ved sida av studioet vart kvinnene lagde merke til på andre vis, begge var aktive i kampen for likestilling og stemmerett for kvinner.

Utstillinga viser fleire oppdragsfoto frå atelieret Berg & Høeg. I eit av bilda lener ein ung mann seg mot ei steinsøyle, i bakgrunnen er det hengt opp ei elegant kulisse med måla blomar og antikke ruinar. Framanfor den same kulissa har fotografane iscenesett to menn som om dei sit på ein fortauskant med eit glas vin. Andre bilde er meir tradisjonelle portrett av ektepar med barn, alle alvorsame og rakrygga i finstasen.

Når dagen var over, drog dei to fotografane gardinene tett for og boltra seg fritt mellom dei same kulissene og rekvisittane: Dei inviterer inn nære vennar og går inn i dei same positurane som kundane deira har blitt avbilda i, men denne gongen er det ein mann som poserer i kjole og kåpe, og kvinner som hyggar seg med kortspel og brennevin. Det er også ein fin og leiken serie med Marie Høeg i altfor stort ullundertøy, bustete på håret og med eit rampete smil om munnen. Her kjem vi nær henne, ho poserer breibeint, røykande, stirer direkte inn i kameraet med dei store auga sine. Bilda er tekne i ei tid lenge før det var akseptert at kvinner brukte bukser offentleg.

I våre auge vert bilda så uskuldige at det vert smertefullt å ta inn over seg at det skulle så lite til før ein var utanfor det aksepterte. Verka viser kor tronge rammer kvinnene hadde å bevege seg i, og kor lite ein skulle trø utanfor før sanksjonane kom.

Å vise dei løynde aktivitetane i fotostudioet Berg & Høeg er ein fin måte å markere jubileet på. For å spare plass vert fleire av verka viste ved hjelp av ein lysbildekarusell som projiserer bilda mot veggen. Det hadde vore meir interessant å sjå bildeserien samla, framkalla i stort format. Det ville vore interessant om utstillinga sette dei i relasjon til liknande grensesprengande kunstnarlege prosjekt i Europa og Amerika kring 1900. I denne perioden var det kamp om likestilling og retten til å definere eigen identitet mange stader.

Claude Cahun, «I am in training don’t kiss me», 1927. Inkjetprint på DiBond frå digital fil.

Kjelde: Jersey Heritage

Claude Cahun

Denne koplinga ligg også snublande nær: I ein annan del av utstillinga viser Preus nemleg ein stor serie av ei av dei mest kjende kvinnelege kunstnarane som i same tidsperiode iscenesette seg sjølv for å utforske identitet – men utan at denne samanhengen vert kommentert eller tilstrekkeleg løfta fram. Det er den franske surrealistiske kunstnaren Claude Cahun (1894–1954). Som Berg og Høeg stilte ho i liten grad ut, og også ho levde i eit lesbisk kjærleiksforhold.

Gjennom tjueåra iscenesette ho mange sjølvportrett der ho poserer i eit stort spekter av roller – som dandy, dokke, pasient, kroppsbyggar og vampyr. Verka ligg langt utanfor den tradisjonelle ideen om korleis ei kvinne kan te seg, ei kraftig utfordring av synet på venleik, kjønn og veremåte i kunst så vel som kvardagsliv. Først førti år etter at ho døydde, vart verka hennar kjende, og dei fekk svært stor påverknad på kunstnarar som dei amerikanske fotokunstnarane Cindy Sherman (f. 1954) og Nan Goldin (f. 1953).

Prosjekta til Berg, Høeg og Cahun viser korleis utfordringa av synet på venleik og kjønn rett og slett trør over grensa for kva som var kriminelt og straffbart på denne tida. Kvinnene var radikale og framsynte, og gav med prosjekta sine eit glimt inn i kva kjønn og kjønnsutforsking tyder i dag.

Ei heidring av det skeive

No som Skeivt kulturår går mot slutten, kan vi konkludere med at det var få sentrale utstillingsstadar som satsa på denne markeringa. Kvifor er det slik? For det har vore svært mange gode utstillingar med skeiv kunst dei siste tiåra, mange av Noregs fremste kunstnarar er dessutan skeive.

Kan hende ønskjer ein å unngå tilsvarande problem som ein gjerne møter med «kvinneutstillingar», der bindelimet mellom utstillingane vert kjønn i staden for at kunstverka til dei ulike aktørane får falde seg ut på eigne premiss? Slike utstillingar står i fare for å framstille kvinna, eller den skeive, som noko anna, og på utsida av den eigentlege kunsthistoria. Over regnbuen ser ut til å lide under denne lagnaden.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis