JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gigantomani i Grieghallen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Symfoni nr. 8 er Mahler på sitt mest monumentale.

Foto: Thor Brødreskift

1388
20240607
1388
20240607

Avslutnings­konsert

Gustav Mahler:

Symfoni nr. 8

Bergen Filharmoniske Orkester; Edvard Grieg Kor m.fl.; dir.: Edward Gardner.
Grieghallen, tysdag 4. juni

Festspillene enda monumentalt, med Gustav Mahlers (1860–1911) Symfoni nr. 8 i Ess-dur i Grieghallen, eit av historias største verk når det gjeld besetning. Scena i Bergens storstove var òg fullstappa, med sju kor, åtte vokalsolistar og eit kraftig utvida symfoniorkester. Volumet kjentest på kroppen, for sjølv om lydbiletet framstod differensiert nok, var det ei skakande urkraft i klangen.

Komposisjonen (urframført 1910) er underleg, og eg må vedgå at eg slit med å ta han inn over meg. Kan me her i det heile teke tala om ein symfoni? Det er jo like mykje kantate og oratorium. Tekstgrunnlaget er òg merkeleg, med den latinske pinsehymnen «Veni creator spiritus» i fyrste del, og sluttscena i Goethes Faust i andre. Med sitt seinromantisk eksalterte uttrykk er det som om Mahler held domedag over musikkhistoria.

Dette var elles ein avslutningskonsert i dobbelt tyding, for han markerte òg slutten på engelske Edward Gardners tid som Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent. Denne stillinga har han hatt sidan 2015; no blir han musikksjef ved Den Norske Opera & Ballett. Med tanke på det store han har oppnådd som operadirigent i Bergen, går Operaen i Oslo lyse tider i møte.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis