JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Pianist på divanen

Kva er det som driv Andsnes som kunstnar og menneske?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Harald Eia og Nils Brenna analyserer personlegdomen til Leif Ove Andsnes.

Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes

3760
20240607
3760
20240607

Festspelsamtale

Leif Ove Andsnes, Harald Eia, Nils Brenna:

Big 5 med Nils og Harald

Grieghallen, fredag 31. mai

Eit festspelarrangement av den lettare typen var live-analysen av Leif Ove Andsnes’ personlegdom i Grieghallen førre fredag. Han hadde på førehand teke personlegdomstesten «Big Five», og i samtale med kandidaten blei resultata lagde fram av analytikar Nils Brenna og komikar og sosiolog Harald Eia. Tospannet har halde på med slikt ei stund, i P2-programmet «Sånn er du» og i podkasten «Big 5».

Sidan spørsmåla var i overkant nærgåande, frykta eg klein stemning. Men svara til Andsnes var ærlege og uredde. Han veik ikkje unna det vonde, og hans lune sjølvironi kombinert med Eias naivt nyfikne komikk skapte ei fin blanding av skjemt og alvor.

Martyr for kunsten

Femfaktormodellen (kjend som «Big Five») er den leiande trekkpsykologiske tilnærminga innan personlegdomspsykologien. Modellen skildrar, og skil mellom, fem overordna personlegdomstrekk: i kva grad ein er «open», «planmessig», «ekstrovert», «omgjengeleg» og «nevrotisk». Kvart av desse skil i sin tur mellom seks underordna trekk, og det var desse som blei diskuterte i detalj.

Testresultata blei presenterte i tal og samanlikna med andre kjende nordmenn. Dette var artig nok, men det eigentleg interessante var Andsnes’ refleksjonar kring resultata på bakgrunn av eigne livsrøynsler. Scoren på «depresjon» (under «nevrotisisme») var høg, og han vedgjekk at dette var noko han hadde slite mykje med:

– Som ung dyrka eg dei mørke kjenslene, det å vera martyr for kunsten. Slikt trur eg ikkje på lenger, men ein må likevel kunna vera i kontakt med desse kjenslene. Mange komponistar, særleg Schubert, som eg framførte i går, var jo pinte sjeler. Men like viktig er det å kunna dyrka gleda og ekstasen i kunsten.

På punktet «ekstroversjon» kvalifiserte han for typen «introvert melankolikar». Det nikka kandidaten til, for han treng mykje tid åleine og interesserer seg berre måteleg for andre folk. Å busetja seg i Bergen, til dømes, var eit medvite val:

– I Oslo er det altfor mange kunstnarar og kjentfolk som vil møta meg. I Bergen får eg vera i fred.

Pianoslips

Også på punktet som handla om kor «føyeleg» han er, var scoren særs høg. Dette var Andsnes berre delvis samd i. Han freistar rett nok å unngå konfliktar, men det er forskjell på sosiale og kunstnarlege konfrontasjonar. Kunstnarlege kampar tør han å ta, til dømes med dirigentar når han er solist. Men når han ikkje sat ved klaveret, var han lenge for unnvikande, fekk me vita. Likevel:

– Sjølv i den mest føyelege perioden min greidde eg å setja foten ned då ein VG-fotograf ville ha meg til å farga annakvar tann svart. Pianoslips fekk halda, og det var jo kult på nittitalet.

Ideal tolking

Andsnes er perfeksjonist, så at han scora høgt på «prestasjonsstrev» overraska ikkje. Refleksjonane kring dette var kveldens høgdepunkt, for her kom han inn på spørsmålet om kva som driv han som tonekunstnar. For å skildra dette synte han til den amerikanske komikaren Jerry Seinfeld:

– Når Seinfeld skriv vitsane sine, førestiller han seg at der eksisterer ein fullkomen eller ideal måte å framføra vitsen på. Eg resonnerer i grunnen likeins. Skal eg på scena og framføra Rakhmaninovs tredje klaverkonsert, må eg ha kjensla av at det er eg – berre eg – som har funne nøkkelen til dette verket, sjølv om titusenvis av pianistar kringom i verda også balar med det. Særleg slitsamt er dette når eg hentar fram stykke eg har spelt mange gonger før. Der finst jo så mange parametrar å justera på, dynamikk, frasering, timing og så vidare. Men, for å tala med Seinfeld: Eg må altså finna fram til den ultimative vitsen med verket.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis