JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Vivaldi på hardingfele

Ragnhild Hemsing har omsett Dei fire årstidene til norsk.

Årets festspelmusikar Ragnhild Hemsing spelar Vivaldi i Håkonshallen.

Foto: Thor Brødreskift

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2521
20240607
2521
20240607

Festspelkonsert

Vivaldi, Marias, Couperin, Pettersen:

De fire norske årstider

Ragnhild Hemsing, fiolin og hardingfele; Barokkanerne; lutt og leiing: Jadran Duncumb.
Håkonshallen, tysdag 4. juni.

Scenografien var verknadsfull, og han kosta ikkje Festspillene éi krone: Kloss utanfor Håkonshallens høge, gotiske vindauge blei me på tysdag vitne til korleis uvêret reiv og rugga i dei mektige lauvtrea på Bergenhus festning. Dette medan vårstormen i fyrste sats av fiolinkonserten Våren blei framført på podiet innanfor. Den dramatiske scena var dimed sett for festspelmusikar Ragnhild Hemsings viktigaste konsert under årets festspel. Saman med Barokkanerne framførte ho venetianaren Antonio Vivaldis (1678–1741) Dei fire årstidene frå 1725 i ei ny omarbeiding for hardingfele, no under tittelen «De fire norske årstider».

Nye sider

Å spela denne fiolinmusikken på hardingfele har noko føre seg. Der finst nemleg eit barokkinstrument som liknar på hardingfela i både lyd og utsjånad, nemleg viola d’amore, som også Vivaldi skreiv ei rekkje solokonsertar for. Den meir statisk klåre klangen av hardingfela passa då òg ofte underleg godt til «årstidene». Hemsings naturlege spelemåte, den klokkereine intonasjonen og evna til å integrera folkemusikkens intrikate ornamentikk i dei barokke melodiane – slikt fekk fram nye sider ved Vivaldis mest kjende konsertsamling.

Heilt uproblematisk var omarbeidinga likevel ikkje. I det fyrste stykket, «Våren», fungerte det bra. Men seinast i det andre, «Sommaren», merka ein at soloinstrumentet sleit med å hevda seg dynamisk andsynes orkesterfiolinane. Solostemma var transponert ned i fleire av solopartia, truleg for å høva betre på hardingfele. Dimed blei parti som bør klinga briljant, for kraftlause. I det fjerde stykket, «Hausten», er der mange dobbeltgrep, og her fungerte hardingfela ypparleg. Meir problematisk var dei snøgge «replikkvekslingane» som går føre seg mellom solisten og fiolinane. Røystene blei for klangleg ueinsarta.

Uturvande

Samla sett var denne konserten likevel ei interessant og forfriskande oppleving, særleg sidan dette underleg nok var det næraste Festspillene kom ein barokkonsert i år. Det einaste som verkeleg sjenerte, og var fullstendig kunstnarleg uturvande, var dei «jazza» innslaga i somme av dei snøgge satsane, der kontrabassen gjekk over i pizzicato, altså knepping på strengene. Forterpa vitsar av dette slaget har me høyrt nok av.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis