Kunst
Mektig møte med Michelangelo – i kopi
Kor ekte må kunsten vere for å røre oss? I København viser Statens Museum for Kunst den største utstillinga av Michelangelo på 200 år. Rett nok ikkje med originalskulpturar, men med kopiar i gips og komposittmarmor.
Bronseskulpturen «David» er over fem meter høg og kjem vel til rette i den lange, glasdekte Skulpturgaden i Statens Museum for Kunst. Originalen er hogd i marmor i åra 1501–04 og kan sjåast i Galleria dell’Accademia i Firenze. I framgrunnen: gipsbyste av ansiktet til David.
Foto: Eva Furseth
Verk av Michelangelo Buonarroti (1475–1564), mannen bak skulpturen «David», det mektige takmåleriet i Det sixtinske kapellet, så vel som kuppelen på Peterskyrkja i Roma, vert for tida viste fram i København. Ein institusjon skal sanneleg ha god sjølvtillit for å lage ei så prestisjefull utstilling med hovudfokus på gipskopiar.
Statens Museum for Kunst i København hevar seg glatt over at slike gipsavstøypingar lenge har hatt låg status. No er det på tide å tenkje nytt! Kopiane er presise høgkvalitetsavstøypingar – og gir oss sterke sanseinntrykk. Sjølv om dei ikkje heilt kan måle seg med originalane, gir kopiane oss høve til å sjå alle verka til Michelangelo på ein gong. Utstillinga tematiserer såleis ikkje berre kunsten til Michelangelo, men også vår forståing av kopiar og originalar.
Nasjonalgalleri
Statens Museum for Kunst er Danmarks nasjonalgalleri, oppretta i 1849. Den noverande museumsbygningen opna i 1896. Sidan har museet vore utvida fleire gonger, sist i 1998 med eit stort moderne tilbygg. Den nye og den gamle bygningen er bundne saman av ein glasoverdekt passasje som vert kalla «Skulpturgaden», med høg himling, lys og luftig atmosfære. Dette er eitt av dei fem areala som er sette av til den omfattande utstillinga.
Ved fleire skulpturar er det lyttestasjonar der ein først høyrer kuratoren Matthias Wivel tolke skulpturen, deretter fortel diktaren Morten Søndergaard om møta han har hatt med originalverket i Italia. Små appetittvekkjarar, som hjelper oss å sjå verka på nye måtar. Her er også fleire filmar, mest interessant var det å sjå korleis dei nye reproduksjonane av komposittmarmor vert produserte.
I Skulpturgaden er det også plassert ein velutrusta teiknestasjon, der ein kan forsyne seg med kolstiftar og teiknebrett og følgje den lange tradisjonen med å teikne i gipssamlingar. Slik vert utstillinga ikkje berre visuell, men også sanseleg og deltakarbasert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.