Kommentar
Alle kan gleda seg til lønnsoppgjeret
Gode tider i industrien vil spreia seg utover som høge lønnstillegg til alle.
Skattepakka til oljeselskapa i 2020 har bidratt til gode tider i industrien. Dei som styrer norsk økonomi, kan no få pakka i retur som høg lønnsvekst i heile økonomien, skriv Sigurd Bjørnestad. Foto frå Aker Solutions på Stord i 2024, der Noregs største flytande produksjonsskip snart er ferdig.
Foto: Silje Katrine Robinson / NTB
Måndag 23. mars overleverer fagforbundet Fellesforbundet og næringsorganisasjonen Norsk Industri krav til kvarandre. Lønnsoppgjeret 2026 er i gang.
I vår tid spelar konflikten mellom arbeid og kapital seg ut i seine nattetimar hjå Riksmeklaren. Klassekamp, sosialisme og bitre konfliktar er eit stykke unna. Men kjernen er som før: Arbeidarane og kapitalistane skal fordela verdiskapinga på lønn og profitt.
Min hypotese er at Fellesforbundet gler seg meir enn Norsk Industri. Tala frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) viser at industrien går svært bra. Det samla overskotet, målt ved driftsresultatet, steig med nesten 20 prosent i fjor. Sysselsetjinga i fjor var den høgaste sidan 2014.
I 2024 var overskotet i industrien 60 milliardar kroner. I fjor var det 71 milliardar, målt ved driftsresultatet. Tala står truleg øvst på lista til Fellesforbundet når dei møter motparten. Her er det pengar å henta for dei som arbeider i verkstadhallane.
Juvelen i lønnsoppgjeret
Det er industrien med Fellesforbundet som forhandlar først. Lønnsramma her vert norma for oppgjera etterpå, mellom anna for dei store gruppene i staten og kommunane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.