Kommentar

Måndagskjensle gongar tusen

Eg var 1990-tals skulevegrar. Fleire gonger har eg lurt på korleis dette ville ha arta seg seg i 2026.

  

Trondheim 20200426. Illustrasjon: Jente på tur på Vikåsen skole i Trøndelag. ModellklarertFoto: Gorm Kallestad / NTB
Publisert Sist oppdatert

Talet på elevar med høgt fråvær held fram med å auke, skriv Utdanningsdirektoratet (Udir). Dei enkelte kommunane registrerer skulevegring på forskjellige måtar, difor har me ikkje ein nasjonal statistikk på talet på skulevegring verken før eller nå. Men ein rapport presentert på Udirs nettsider fortel at dei fleste skuleleiarar og -eigarar merker at fråværet aukar. Dei skriv også at fråværet er meir komplekst og alvorleg.

I 1993 var eg sjølv ein skulevegrar. Inni meg var eg det nok i fleire år, men det var året eg fylte 9 år, at eg var vekke frå skulen lenge nok til å kvalifisere for omgrepet. Store norske leksikon skriv at døme på kriterium for vegring er å ha over 25 prosent fråvær dei siste to vekene, eller meir enn 15 prosent i løpet av 15 veker. Det skal nemnast at skulevegring ikkje er ein diagnose. Nokre forskarar meiner også at omgrepet er dårleg, det rettar seg for mykje mot barnet. Alternativt kan ein bruke «barn med bekymringsfullt fråvær» eller «ufrivillig skulefråvær».

Eit mysterium

Når nokon ikkje vil på skulen, jaktar ein alltid på ei årsak. Eg hadde vondt i magen. Og kva det var som gjorde at eg hadde det, ville alle finne ut av. Foreldra mine aller mest. Dei spurde igjen og igjen. Eg svara at eg ikkje visste, for det gjorde eg ikkje.

I Topp- og Pusur-skuledagbøkene skreiv eg «skulen» på spørsmålet: «Hva hater du aller mest?» Det var også dette eg sa då andre spurde kvifor eg ikkje var på skulen. Det er enklare å hate enn å vere redd.

Foreldre og skulen sjekka at eg hadde det fint heime, at eg hadde venner og at læraren var grei. Ingen lampar lyste raudt, men eg var like kvalm kvar morgon. Nokre gonger nekta eg heilt, og eg vart god på å sjå når mora mi var i ferd med å gi opp. Det var éin dag fråvær her og der, og så litt meir.

Sjølv om eg ikkje skulka med vilje, var det som om eg gjorde noko ulovleg.

Eg såg ikkje på meg sjølv som ein skulevegrar. Ikkje berre fordi omgrepet ennå ikkje var funne opp, men eg kjende meg meir som ein slags unnasluntrar. Sjølv om eg ikkje skulka med vilje, var det som om eg gjorde noko ulovleg. Nokre gonger våga eg meg til å gå på fotballtrening, sjølv om eg hadde vore heime frå skulen. Då kunne andre ungar seie til meg at foreldra deira syntest det var rart at eg var frisk når eg var sjuk.

Gamalt fenomen

Det er vanskeleg for folk rundt å forstå at ein kan bli frisk i det sekundet ein får vite at ein slepp unna. Spesielt før, då skulevegring var mindre vanleg, eller i alle fall mindre synleg. Som nemnt finst ikkje tal frå 1990-talet, men vi veit at fenomenet ikkje er nytt. Alt på 1930-talet fanst det skildringar av barn som var friske heime, men som utvikla fysiske symptom når dei skulle på skulen.

Når folk rundt deg ikkje forstår, blir skamma større. I verste fall kan ein slutte heilt å gå ut, og vegen til det japanarane kallar hikikomori, blir kort. Hikikomori er når vegringa glir over i isolasjon, og ein melder seg ut av samfunnet.

Hjerneristing var min korona. Psykologforening.no skriv at det til ei kvar tid er mellom 1 og 4 prosent som slit med å komme seg til skulen, på grunn av vegring. Årsakene er uendelege, og mange gonger uvisse. Mest vanleg er det at ungar har kortare periodar der dei ikkje vil på skulen, men på eit eller anna vis kjem dei seg i hakk igjen.

Det som sette fart på vegringa mi var ein ishockeykamp. Eit fall utan hjelm gjorde at eg fekk ei hjerneskaking. For meg var 14 dagars etterfølgjande sjukeleie ein draum. Akkurat slik eg kan sjå for meg at korona var for skulevegrarane i 2020.

Det var då eg var frisk att, og måtte tilbake skulen og røynda, at eg fekk kjenne på ei måndagskjensle gongar tusen. Men nå kunne eg i det minste seie at eg hadde vondt i hovudet, og ingen ville vel sende eit hjerneskaka barn på skulen.

Taktikken min verka nokre veker, heilt til fleire legar studerte nye røntgenbilete. Ingen nye funn eliminerte alle utvegar. I 1990-talsstil vart eg tvinga tilbake på skulen. Foreldra mine køyrde meg, eg meiner begge var med. Dei følgde meg inn til rektor, og her måtte eg sitte – heilt til eg sjølv gjekk inn i klasserommet.

Utklipp frå ei skuledagbok.

Rett taktikk?

Korleis ein handterer skulefråvær, er opp til kvar kommune. Igjen vil det vere individuelle skilnadar på kvar skule, og hos kvar lærar. Når tala på skulefråvær går feil veg, må ein finne nye metodar. Eit døme er den nye Skolenærværsteam-modellen der skulen, den pedagogisk-psykologiske teneste (PPT) og helsesjukepleiarar jobbar saman for å førebygge fråvær.

Udir, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Statped og Folkehelseinstituttet jobbar saman om å utvikle faglege råd for å førebygge og følgje opp bekymringsfullt skulefråvær. Målet er rett hjelp til rett tid.

Truleg vart eg pressa til rett tid. Eg kjende meg lytta til, men det var dei vaksne som tok avgjerda. Fyrst foreldra, som drog meg inn i bilen, så rektor, som sat med meg heilt til eg gjekk inn i klasserommet. Forferdeleg når det stod på, men godt i ettertid.

Curlinggenerasjonen er kjend for å presse barna mindre, likevel seier ein at nåtidas barn kjenner på meir press frå utanfrå. Truleg heng det heile saman. Generasjon prestasjon har fleire grunnar til å stenge verda ute, og dei velvillige foreldra ønsker å forstå. Forskar Cecilie Evertsen ved Læringssenteret ved Universitetet i Stavanger poengterer i fleire intervju at me som foreldre må skape eit robust oppvekstmiljø for barna. Dei skal lære seg å tole livets motvind.

Det skal nemnast at eg ikkje vart kvitt skuleskrekken den dagen eg vart tvinga inn på rektors kontor. Nokre dagar kasta eg opp på veg til skulen. Men det var som om det å vere heime var eit val som var eliminert. Og sakte men sikkert løya motvinden. Tretti år seinare har eg heller ingen idé om korleis problemet kunne blitt løyst på ein annan måte.

Press og støtte

På Forskning.no, ein nettstad mange foreldre hamnar på når dei skal finne gode råd, ligg dette ein artikkel om skulevegring: «Ikke tving barnet på skolen hvis det ikke under noen omstendighet vil – dette kan forverre situasjonen». Det kan sikkert vere sant, men å ikkje tvinge kan også gjere vondt verre. Er ein engsteleg av natur, veit ein at å tvinge seg sjølv på skule og arbeid er kvardagskost.

Eg har sjølv jobba som kroppsøvingslærar på ein vidaregåande skule med dei som har vegra seg ut av den vanlege skulen. Her måtte eg vurdere kven som skulle pressast til å ha danseframføring, og kven som kunne kvile nervane i publikum. Balansen mellom press og støtte er vanskeleg. Kvart tilfelle er ulikt. Resultatet av arbeidet er samansett; eleven skal ikkje berre klare å vere i timen, han skal også lære noko og kjenne meistring på sikt.

I åra som kjem vil samfunnet ha fleire som på ein eller annan måte har gjort ein alternativ skulegang. Det som er sikkert, er at dei som har jobba seg gjennom ei tid med skulevegring, sit igjen med noko. Det kan vere vonde arr, men det er også kunnskap om livet som du ikkje ville ha lært på skulen dei månadane du var vekke.