Russisk TV
– USA er eit rovdyr
Anten sigrar vi, eller så vert vi viska bort, utsletta, seier den russiske TV-journalisten Vladimir Solovjov. Her kjem eit utdrag frå programmet hans sist søndag.
Iran-krigen på russisk TV
Korleis dekkjer russiske medium Iran-krigen? For å få litt innsikt i omtalen trykkjer vi her eit lite utdrag frå det populære debattprogrammet til Vladimir Solovjov, den mest kjende TV-journalisten i Russland. Programmet går fem dagar i veka på TV-kanalen Russland 1. Solovjov står nær det russiske regimet politisk.
Svein Gjerdåker, ansvarleg redaktør i Dag og Tid.
Søndag kveld 1. mars 2026 kl. 23. Vladimir Solovjov innleier det to og ein halv time lange programmet med ein monolog. Med i panelet er politikarar i statsdumaen, historikarar og forsvarsfolk. Vi refererer her noko av det Solovjov sa, og noko frå innlegget til generaloberst Andrej Kartapolov, leiar av forsvarskomiteen i statsdumaen.
23.00 Solovjov: Det som no går føre seg i Midtausten, er ikkje eit tilfelle, ikkje noko tilfeldig som spring ut av Trumps personlege eigenskapar. Dette er ein djup og alvorleg prosess, ein systematisk prosess, som syner oss korleis USA forheld seg til verda rundt seg. Det som er viktig for oss no, er ikkje berre å analysere grundig det som går føre seg i krigsteateret – åtaka frå Israel, frå USA, svara frå Iran, korleis dei arabiske landa reagerer, korleis Tyrkia reagerer. Vi må òg overføre dette som skjer, til eit langt større lerret, til eit globalt bilete. (…)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.