JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ljosglimt

Den store latinamerikanske filmfestivalen i Havanna er eit pusterom i ein mørk kvardag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om Vicenta B. (Linnett Hernández Valdés) følgjer ei mor som mistar grepet då sonen dreg frå Cuba.

Foto frå filmen

3712
20221209
3712
20221209

El festival del nuevo cine latinoamericano

Filmfestival i Havanna
1.–11. desember

Det har vore harde år på Cuba sidan førre fullverdige filmfestival i 2019. Inflasjon, varemangel, få turistar og politisk undertrykking dominerer. I staden for straumstans snakkar folk om ljosglimt, sidan store delar av øya har færre timar med straum enn utan. Den gjæve festivalen held stand, sjølv om talet på kinosalar er halvert og kinokøane er kortare. Inne i salane står framleis stemninga i taket.

Protestparadoks

Som før er det dei cubanske filmane det er knytt mest spenning til. Den mest omtala cubanske filmen i år er Vicenta B. av Carlos Lechuga, som er vist på store festivalar som Toronto og San Sebastian, men filmen står ikkje på programmet i Havanna.

Det cubanske filminstituttet støtta produksjonen, men leiaren deira, Ramón Samada, sa i eit intervju med Cubadebate at filmen var utelaten på grunn av kritikken regissøren stendig kjem med.

Filmen er særs fin. Han følgjer Vicenta, som spår folk i kort og mistar grepet når sonen fer frå landet. Trass i ein smakfullt subtil symbolsk kritikk ville Vicenta B. ikkje ha kome på pallen i konkurransen om å vere den mest kritiske cubanske filmen på festivalen i år.

Det paradoksale forholdet til sensur blir ikkje mindre av eit retrospektiv og ein film om dokumentaristen Nicolás Guillén Landrián, eit geni som blei kasta ut av filminstituttet og fekk mange av filmane sine forbodne i tretti år. Ein dokumentar om poeten Virgilio Piñera er òg på programmet. Han var lenge bannlyst.

Stor stemning

Ein film som gyv laus på ei heilag ku, er La campaña (Kampanjen) av Eduardo del Llano. Den herlege komedien handlar om alfabetiseringskampanjen som skulle lære folk å lese og skrive i dei første åra etter at Castro tok makta i 1959. Den unge læraren kjem til ein bondefamilie som har lese Kierkegaard og Hegel og er stødige i konjunktiv. Folk hylte av latter i salen, og den ståande applausen varte gjennom heile rulleteksten. I slike stunder er filmfestivalen i Havanna på sitt beste.

Den cubanske meisterregissøren Fernando Pérez kom med ei klar melding på video frå Sveits som introduksjon til filmen El mundo de Nelsito (Nelsitos verd). Han argumenterte for ei verd der folk kan tenke kva dei vil, og seie kva dei vil. Det passa godt, sidan den nye straffelova som tredde i kraft sist veke, innskrenkar ytringsfridomen. Cuba var ikkje nett ei leiestjerne på den fronten frå før. Folk jubla og klappa fleire gonger under videohelsinga. Den fine filmen fall òg i smak.

Fellesskap

Programmet er elles fullt av sterke historier frå heile Latin-Amerika fortalde med bravur. La hija de todas las rabias (Dottera av alle raseria) av Laura Baumeister frå Nicaragua får sjølv bossfyllingar til å kle lerretet. Colombianske Los reyes del mundo (Verdas kongar) av Laura Mora er ein fengande og vakker film om karar frå gata i Medellín, som skal tilbake til Cauca, der ein av dei skal ha fått jord i høve fredsavtalen.

Meksikanske Natalia López gjev eit disktint kvinneleg blikk på organisert kriminalitet i den visuelt slåande Manto de gemas (Juvelkappa). I Brasil har Carolina Markowicz med Carvão (Kol) laga ein overraskande morosam film om ein fattig familie som skal skjule ein dopsmuglar. Til liks med dei cubanske kollegaane sine skapar dei glimt av venleik med filmkunsten sin i nådelause omgjevnader. Film saman i kinosalar er rett resept i slike høve.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Folk hylte av latter i salen, og den ståande applausen varte gjennom heile rulleteksten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis