Kunsthallen
Gode skodespelarar og smarte manusskribentar har skapt ein dugande komedie av, med og for filmbransjen.
Penélope Cruz spelar filmregissøren Lola som må halde Félix (Banderas) og Iván (Martínez) i taumane.
Foto: The MediaPro Studio
Komedie / drama
Regi: Mariano Cohn, Gastón Duprat
Official Competition
Med: Penélope Cruz, Antonio Banderas, Oscar Martínez, José Luis Gómez
Kinofilm
Styrtrike Humberto Suárez (Gómez) har fylt åtti, men vil bli hugsa for noko meir evig enn det farmasøytiske storselskapet og nokre fjonge fond. Kanskje ei bru? Nei, ein film! Han kjøper rettane til ei kjend bok han ikkje gidd lese, og tilset den prisvinnande regissøren Lola Cuevas (Cruz), som han aldri har høyrt om.
Ho skal instruere den høgt akta skodespelaren Iván Torres (Martínez) og superstjerna Felix Rivero (Banderas). Dei to er rake motsetnader. I resten av filmen følgjer vi dei tre i det gigantiske, tomme signalbygget eigd av Suárez på øvingar før dei skal spele inn filmen.
Førre gong den argentinske duoen Mariano Cohn og Gastón Duprat hadde film på kino, var Æresborgeren (2016). Filmen handla om ein hylla argentinsk forfattar som kjem tilbake til heimbygda for meir hylling. Den arrogante kunstnaren kjem kjapt i konflikt med sambygdingane han eigentleg aldri ville sjå att.
I Official Competition er den kulturelle eliten aleine. Det hindrar ikkje konfliktar frå første augneblink. Dei enorme romma er scener for store ego og sterke meiningar om film og folk.
Iván hatar den vulgære, kommersielle Félix. Cuevas set kunsten framom alt og kvir seg ikkje for å trå over grenser for å nå målet sitt. Metalaga ligg tjukt, med skodespelarteknikkar og krangling om høg og låg kultur. Alt er medvite og presist, utan at dei heilt forlèt klisjeane som er utgangspunkt for utforskinga i kunstnarkomedien.
Høgdepunktet kjem når figuren til Oscar Mártinez fortel figuren til sjølvaste Antonio Banderas at han sjølv aldri vil vere den «eksotiske latinoen» i dumme Hollywood-filmar. Makan til metaangrep på ein karriere.
Røynde Banderas veit godt at han har fleire strengar å spele på. Han briljerte meir sist i Smerte og ære (2019) av Pedro Almodóvar. Almodóvar vinn elles i kategorien film om filmkunsten. Uansett er det gode poeng og fine detaljar her òg. Banderas er absolutt solid, til liks med Oscar Martínez. Penélope Cruz er støtt til å lite på, og rolla som eksentrisk filmskapar er forfriskande i ljos av karrieren hennar.
Det er nok å more seg over, og den breie kritikken av eigen bransje er dels kosteleg. Kanskje samanfattar likevel Cuevas kjensla mi om Official Competition når ho spør: «Kva er ein god film? Ein film vi synest er god, men ikkje likar?» Cohn og Duprat er dyktige manusforfattarar og stødige regissørar med hang til medvitne perspektiv på kunstartar eg er glad i. Eg skulle ønske eg likte filmane deira litt betre. Dei er jo gode.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er nok å more seg over, og den breie kritikken av eigen bransje er dels kosteleg.
Håkon Tveit om Official Competition
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.