Film
Klar, ferdig, gå, gå, gå!
Paul Thomas Andersons siste film er utmattande og underhaldande.
Den meksikanske grensa til USA blir sterkt overvakt, og den antifascistiske motstandsrørsla har tenkt å få bukt med spesielt éin mann, oberst Steven Lockjaw (Penn). Ein av leiarane, Perfidia Beverly Hills (Taylor) går spesielt hardt til verks saman med partnaren sin, Bob (DiCaprio). Etter at dei får eit barn saman, blir Perfidia arrestert, og Bob flyktar med dottera Willa (Infiniti). Dei to lyt leva under ny identitet, men i hælane kjem oberst Lockjaw – oppsett på å fanga Bob og det som kanskje er hans dotter, ikkje Bob si.
Andersonaktig
Hald deg fast, her er det verkeleg kamp etter kamp, frå start til slutt, som tittelen lovar. Og det betyr over to og ein halv time når regissør Paul Thomas Anderson får det som han vil. Han har gjort film av Thomas Pynchons bok, Vineland, som eigentleg var sett til Ronald Reagan-tida, men du treng ikkje mykje fantasi eller harde fakta, for den saks skuld, for å dra parallellar til dagens USA.
Det er heller ikkje fyrste gongen Anderson tek for seg bøkene til Pynchon. Inherent Vice kom i 2014. Etter det laga han dei vidt ulike filmane Phantom Thread (2017) og Licorice Pizza (2021). Det er ikkje heilt enkelt å finna fellestrekk ved filmane hans, utanom dette eine: at dei alltid er lange og utførlege, med intense lydspor som kan vera på grensa til utmattande.
Alt dette stemmer også for One Battle After Another. Frå populærmusikk av Steely Dan, Gil Scott-Heron og The Shirelles til Andersons meir eller mindre faste komponist, Jonny Greenwood – filmen kjennest som ein trailer som aldri tek slutt. Det er ein finurleg måte å skapa spenningar på utan at dei nødvendigvis blir forløyste som forventa.
Parallellen
Så lenge tidsånda er kampen mellom det gode og det vonde, berre representerte på kvar si fløy og med kvar sine førebilete, vil filmar som One Battle After Another og ein haug andre eg føler eg har sett dei siste par åra, dukka opp som ein kommentar til dette, gjerne overført til mindre realistiske scenario. Men i One Battle After Another treng ein altså ikkje tenka for symbolsk: meksikanske flyktningar, militær kontroll og valdelege demonstrasjonar er noko som tilhøyrer nyhendebiletet, og dermed blir det straks lettare å føla at dette skal spegla røynda.
Når det gjeld den kryptiske juleeventyrarklubben med sine høgst rasistiske tankesett, blir det meir konspiratorisk om ein vil overføra det til dagens USA, men det bidreg definitivt til å gjera oberst Lockjaw om mogleg endå meir galen og eksentrisk. Såleis er Sean Penn midt i blinken i rolla. Det same er Leonardo DiCaprio som fallert motstandsmann og tenåringsfar. Og som eg nok har avslørt før – så lenge Benicio Del Toro dukkar opp, skal det litt til for at alt er spolert for min del.
One Battle After Another hamnar likevel ikkje på topplista mi over Paul Thomas Anderson-filmar. Det trur eg framleis er Boogie Nights (1997), om nokon lurte.