Bok

Frå Tigris til Themsen

Shafak utforskar skjulte og opne krefter på tvers av tid og rom.

Elif Shafak er ein prislønt britisk-tyrkisk forfattar og historieforteljar. Bøkene hennar er omsette til 59 språk. Kjelde: Foto: Ferhat Elik
Publisert

Tyrkiske og London-baserte Elif Shafak har ei lang rekkje bestseljande og vidt omsette bøker bak seg. I Det er elver på himmelen flettar ho saman livet til ulike personar frå fleire land og endå fleire tidsepokar. Det som bind dei saman, er rett og slett vatn, vatn som føresetnad for liv, særleg elvar: Vatn som fossar og renn, skaper og øydelegg, gjennom tidsepokane.

Sentralt for den eine karakteren – og for romanen som heilskap – er ein (fiktiv?) teori om «akvatisk minne». Teorien seier at alt vatn ber i seg spor og minne frå partiklar det har vore i kontakt med, uavhengig av kor lang tid som har gått. Vatn bind oss saman, på tvers av tid og rom.

Det er eit imponerande romanprosjekt som lykkast langt på veg. Shafak er ein driven forteljar som maktar å halde på handlingstrådane og samle dei til slutt. Historiene er spennande, og tematikken kjennest relevant. For å halde det svære narrative nettverket saman tyr forfattaren likevel inniblant til nokre oppkonstruerte grep.

Gilgamesj

Dei tre hovudpersonane i romanen er: Arthur, fattigguten frå Themsens slum som midt på 1800-talet kjem seg opp og blir forskar på Gilgamesj-eposet, den ni år gamle jesidi-jenta Narin som i 2014 bur i området rundt Ninive (der helten Gilgamesj ein gong heldt til) før ho hamnar i klørne til IS, og til slutt hydrologen Zaalekhah som òg har etniske røter i Ninive, men som lever i vår eiga tid i ein husbåt i London.

Den romankarakteren som fangar merksemda aller mest, er Gilgamesj-forskaren. Karakteren Arthur Smyth skal vere inspirert av ein verkeleg person og forskar som etter nitid arbeid greidde å dekode kileskrifta på dei om lag 3000 år gamle steintavlene med det som blir rekna som det eldste litterære verket i verdshistoria: Gilgamesj-eposet frå Mesopotamia (området ligg i dag i Irak, Iran, Tyrkia og Syria). Eposet fortel om livet til den gammalbabylonske heltekongen Gilgamesj.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement