Bok
Det som kverv or minnet
Odd Marakatt Sivertsen har skrive ei vakker bok om det vikande.
Odd Marakatt Sivertsen fell ikkje for freistinga til å romantisera det gamle.
Foto: Privat
Andlet du har sett tusenvis av gonger, gjennom mange år, slik at du har sett dei i endring, er ikkje lette å kalla fram i minnet. Dei mange versjonane går i eitt, om ein då ikkje hugsar ein konkret episode. Nokre gonger kjem dei heilt skarpt og klårt fram i draumane, slik også røyster kan klinga attkjennande der, i draumen, der ein stundom fretter nytt frå dei døde.
I romanen Mors ansikt av Odd Marakatt Sivertsen møter me ein kunstmålar som har mykje sams med forfattaren, og denne målaren, som kjem frå det kvensk-samiske nord, har busett seg i Danmark, der han har fått ein idé om at han skal måla eit portrett av mor si, etter minnet. Men han kan ikkje hugsa andletet hennar tydeleg nok. Han meiner at han har tapt for mykje av kontakten med det han kjem frå, der han ikkje ville bli ved sin læstadianar, eller ved den kulturen han var runnen av, men søkte seg ut til noko anna som no tykkjest han irrelevant. Alt det andre han har laga av kunst, tenkjer han på som smørjeri, det ekte er det han skal laga, men det er det som vik og kverv, slik kulturen han kjem frå kverv.
Sensur
Han reiser heim til staden han kom frå, og møter gamle kjenningar der, og dei har sterke meiningar og harde ord om det som er no, men til dels også om det som har vore. Ein får ei kjensle av å sjå sensurerte opptak frå ein episode av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Kunstnaren, som andre kallar Marakatt, truleg av di det er uråd å lata vera, ein må berre ta dette underlege namnet i bruk, minnest mangt, frå barndom og oppvekst, med ei mor som var sjef i fjøset og finansminister i huset, og ein far som var eit arbeidsjern, men også truleg ein kranglefant som hadde mange godord til sonen på sjøen, men færre på land.
I eitt av minna møter han Marakatt på Ottar Brox, i fjøra, og dei har ein snodig, men god konversasjon, der Brox seier at det har gått sørgjeleg attende med kulturen, og at han skal rapportera om det til ein instans han kallar Hovedskjebnen. Skal tru om det vart gjort?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.