Bok

Når den mogne vinen blømer

Colettes hundre år gamle autofiksjon peikar på vegar ut av aldringsmelankoli.

Colette – synonym for Sidonie-Gabrielle Colette – var den første kvinna som vart gravlagd på statens rekning i Frankrike, i 1954.
Publisert Sist oppdatert

I staden for å reise på ein kostbar yogaretreat eller ta eit kurs i mindfulness for å puste rolegare og vere meir til stades, kan eg føreslå nokre timar med Colette (1873–1954): Len deg attende i ein god stol og les langsamt i ei bok som består meir av skildringar og refleksjonar enn av handling og plott.

La den provencalske sommaren litt etter litt flyte inn i hovudet, der brennande middagshete vekslar med brå mistralske vindkast, og den sagande lyden av sirissar læt i skyminga medan hav og himmel møtest i stadig mørkare blått ute i horisonten. Eg kan nesten garantere at pust og hjarterytme snart vil gå i eit meir gunstig tempo for kropp og sjel.

Som med alt oppmerksamt nærvær krev det tolmod å gi seg over. For mange lesarar vil kanskje Colettes dvelande og saktegåande prosa vere nesten provoserande utbrodert, i ei tid der vi i stadig større grad er utleverte til å konkurrere med tempoet til maskinar og algoritmar som tek null omsyn til biologi.

Autofiksjon

Dagens digitale helvete var ikkje påtenkt då Sidonie-Gabrielle Colette skreiv sine mange bøker utetter den første halvdelen av 1900-talet. I Frankrike er ho kjend som forfattaren som fann opp sjangeren autofiksjon. Ho visste å posere og å leike med eigen persona og var også kjend som scenekunstnar.

I dag ville ho kanskje ha vore ein leiande påverkar, vel å merke av det intelligente og provoserande slaget. Som i all røyndomslitteratur er ikkje karakteren Colette synonymt med forfattaren Colette. Det er ikkje nytt at kvinnelege forfattarar må forsvare seg når dei skriv tett opptil eige liv, særleg når temaet er seksualitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement