Bok
Vondskapens grimase
Bert Natter gir lesaren ei kjensle av ubehag, og det er også meininga.
Bert Natter er ein prislønt nederlandsk forfattar.
Foto: Bonnier
Nederlandsk litteratur er temmeleg ukjend her til lands. Cees Nooteboom (1933–2026), med fleire titlar på norsk, er han som dukkar opp i minnet, men i dei siste åra har Hedda Vormeland gjort ein formidabel innsats for å løfte fram namn som Marieke Lucas Rijneveld og Ilja Leonard Pfeijffer, saman med over 30 andre omsetjingar ho står bak frå 2007 og fram til no. Bert Natter (f. 1968) og Ved krigens slutt er den eine av tre omsetjingar i 2026.
Ved krigens slutt er eit ambisiøst prosjekt frå forfattaren si side, samtidig som romanen også krev sin lesar, med 665 sider pluss ei biletside som avslutning. Da står ein tilbake med 666 sider, dyrets tal i Johannes’ openberring, og i eit slikt perspektiv får romanen, i norsk utgåve (den nederlandske er på 634 sider), ein ekstra, utilsikta dimensjon, sidan handlinga er komprimert kring det tredje rikets undergang, time for time 20. april 1945, Hitlers 56-årsdag, sett frå ein konsentrasjonsleir som kan minne om kvinneleiren Ravensbrück, ni mil nord for Berlin.
Kultur og barbari
Persongalleriet femnar 30 ulike lagnader innanfor leirhierarkiet sentrert rundt nestkommanderande Karl Zellendorf og familien hans gjennom korte eller lengre snapshots frå ulike vinklar og ulike scenario, det vere seg «Karl i festsalen i kommandanturet», «Gisele i garderoben», «Szymon mellom gasskammeret og krematoriet» og så vidare gjennom heile romanen.
Dei er der, alle saman: SS-personell, sivilt tilsette, ei samansett fangegruppe, legen som driv «medisinsk forsking», men som er like ivrig som likrøvar etter kvar gassing, den jødiske Sonderkommandoen i gasskammeret og i krematoriet. Når Hitlers 56-årsdag blir feira, møter vi «en sal full av fyllesvin og drapsmenn».
Zellendorf har ei fortid som halvstudert pianist, og som ein tributt til føraren skal han framføre Beethovens «Sonata Pathétique». Dette samrøret av kultur og barbari står i grell kontrast til all kunst, for på tolv år har Tyskland gått frå å vere «das Land der Dichter und Denker» til å bli «das Land der Richter und Henker», bygd kring eit ideologisk blendverk av rasisme og draumar om tusenårsriket der all kritisk tenking var bannlyst og internert i eit leirsystem slik Natter skildrar det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.