Kommentar

Etter Orbán

Det kjennest som slutten på ein æra. Spørsmålet er om vi vil like det som kjem etterpå.

Publisert Sist oppdatert

Då Viktor Orbán kom inn på pressekonferansen under EU-toppmøtet i Riga 2015, vart han helsa velkomen med eit lystig «og her kjem diktatoren» av den dåverande presidenten for EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker.

Då eg såg video av opptrinnet, vart eg ramma av nostalgi. Det var ei tid då ein kunne spøke med slikt. Sist veke besøkte den amerikanske visepresidenten J.D. Vance Budapest. Talen hans var både pompøs og ufrivillig komisk. Men Vances klare oppmoding om å stemme på Orbán er ein del av USAs gjeldande tryggingspolitiske strategi – Europa skal frelsast frå seg sjølv gjennom å fremje nasjonalkonservative og autoritære krefter, så latteren sette seg fast i halsen.

Ein stein i skoen

Mellom Junckers «hei, diktator» i 2015 og fram til Viktor Orbán erkjente å ha tapt valet til fordel for sin tidlegare partifelle Péter Magyar, har Orbán gått frå å vere sand i EU-maskineriet til å bli ein spiss stein i skoen.

Ingen EU-land har blokkert så mange avgjerder som Ungarn. Orbáns siste nei handla om eit milliardlån til Ukraina. Pengane er heilt avgjerande for Ukrainas evne til å forsvare seg. Mykje er uklart om den ungarske valvinnaren, men Magyar sa alt på valkvelden at Ungarn ikkje skal stå i vegen for Ukraina-lånet.

Alltid Russland

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement