Litteratur
Eva Fretheim puslar og grublar og lukkar auga for vald og gørr. Slik vinn ein pistolar.
Eva Fretheim vann Rivertonprisen – «Den gylne revolver» – 2024. Om ho vinn Rivertonprisen 2025, får vi svar på 15. april.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Ordførar Bergljot Os vaknar av dunk i vindauget. Egg. Mannen hennar, Ulf, storbonden i bygda, er ikkje å sjå. Når han kjem inn igjen, blør han. Ei av jentene som kasta egg på vindauget, beit han i handa. Ei anna har gått gjennom isen på vatnet nedanfor huset.
Slik startar Kråketronen, den fjerde romanen om Vigdis Malmstrøm, ein reieleg politietterforskar utan diagnosar, rusproblem eller korrupte kollegaer, som står på for å løyse drapsgåter i Nordbygda eller andre fiktive austlandsbygder.
– At Vigdis er normal og hardtarbeidande, var ein agenda, seier Eva Fretheim.
– Det var ein protest mot den klassiske mannlege hovudpersonen.
Mastereffekten
At Fretheim skriv krim, var ikkje på agendaen. Ho drøymde tidleg om å bli forfattar, studerte kunst og kunsthistorie og gav ut romanen Rosa sukkerspinn i 1998. Samtidig fekk ho tvillingar. Og så blei ho lokalavisjournalist, noko ho har stortrivst som.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.