Bok
Ein tidleg arbeidardiktar
Marius Braatt døydde fire dagar etter at han fylte 23 år.
Marius Braatt (1886–1909) var proletarforfattar og sosialist.
Hans Marius Hansen (1886–1909) tok diktarnamnet Marius Braatt da han i 1908 debuterte med den vesle novellesamlinga Fra dybet. Skisser og stemninger på forlaget J. Aass i Kristiania.
Forlaget hadde frå før den svært produktive Johan Falkberget i stallen, med titlar som Svarte Fjelde (1907), Mineskud (1908) og Ved den evige sne (1908), forteljingar frå gruvemiljøet på Røros, og i 1909 var også Kristofer Uppdal innom med diktsamlinga Villfuglar, sjølv om Uppdals forlag frå starten av var Olaf Norlis.
Proletarforfattar
Falkberget og Uppdal er begge bautaer i norsk litteratur, men Marius Braatt er forlengst gløymd sjølv om Falkberget i 1919 prøvde å få til ei minneutgåve av Fra dybet, og noko liknande hadde vel også Martin Nag i tankane da han i 1977 trekte fram Marius Braatt.
Men det er først no, 118 år etter at boka kom ut, ho igjen er å finne i bokhandelen takk vere entusiastar kring Allmuen forlag og historikaren Johanne Bergkvist, som har skrive eit fyldig og svært informativt forord der ho plasserer Marius Braatt som proletarforfattar innanfor den ungsosialistiske rørsla og innanfor Den sociale forfatterforening, der eit knippe yngre, politisk orienterte forfattarar var med.
Marius Braatt vaks opp på Rodeløkka, i Tromsøgate 31, saman med foreldra og seks søsken. Dei hadde eitt rom og kjøkken, og familien var tidvis under fattigvesenet, i alle fall var det fattigvesenet som betalte for ei innlegging på Rikshospitalet da Marius var to år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.