Litteratur
Tron Jensen har ikkje blitt intervjua sidan romandebuten i 1990. I 1970-åra, derimot, var det mange som følgde han frå ringside.
I tenåra tok Tron Jensen buss frå Romerike til Oslo minst to dagar i veka for å bokse. Busstasjonen låg her, på Ankertorget. Her skjedde det mykje på 1970-talet, og mykje har skjedd sidan.
Foto: Marita Liabø
Kvar kveld tar ungdomsskuleeleven Alfred bussen frå Romerike, forbi spirande drabantbyar, til Oslo sentrum, der han boksar i det stille. Han er 60 kilo og låg, men snart er han ein «journeyman» og «trial horse» – ein som blir send rundt fordi han trekker publikum. Han får slag i trynet, men går aldri i golvet. Og av dei eldre tungvektarane lærer han mangt eit visdomsord.
Alfred er hovudperson i Bokseren, og forfattaren, Tron Jensen, har vore der sjølv: Han boksa frå han var 14 til 18 år, trente hardt, gjekk 25 kamper og tapte ofte, men blei lagd merke til.
– Det var fleire klubbar som ville ha meg som prøveklut. Hadde dei ein lovande kar, ville dei at han skulle møte meg, fortel han.
– Miljøet var større då enn det er no, sjølv om det var forbode. Det blei aldri vist på TV. Det blei sett på som odiøst. Men særleg VG og Arbeiderbladet skreiv mykje om amatørboksing. Lange reportasjar.
Det er jo ein farleg sport, men for han handla det om å lære. Prøve og feile. Treffe utan å bli treft. Halde garden oppe. Gli til sides. Komme seg ut av hjørnet. Som trenaren seier til Alfred: Du må danse mens du slår.
– For meg er dette med boksing ingen metafor, seier Jensen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.