Bok

Den skumle kjærleiken

Katrine Sele har skrive ei klok bok om sjølvkjensle og kjærleikslengt.

  

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore.
Publisert

Då eg som ganske ung skulle reise langt ut i verda på eige hand for første gong, fekk eg eit velmeint råd: «Du må passe på deg sjølv, det er ingen andre som gjer det.» Eg meinte at det skulle nok gå bra. Men gjorde det no eigentleg det? Ikkje heilt, særleg ikkje når det gjaldt menn. Denne kvinnespesifikke manglande evna til sjølvivaretaking tematiserer Katrine Sele i den siste boka si. Ho gjer det med stort alvor og glimt av humor.

Memoarforteljing

Katrine Sele:

Menn som nesten elska meg

Samlaget

Alt på første side av Menn som nesten elska meg vedkjenner forfattaren at ho vart skremd av «kor lett eg hadde for å flytte ut av meg sjølv under forsøka på å komme nær ein annan». Her har vi ei på alle måtar moderne og vellykka kvinne som har fiksa livet – med barn og karriere. Likevel viser det seg altså at ho går på akkord med seg sjølv i kjærleiksrelasjonar og ikkje maktar å markere nødvendige grenser.

Det sit i vårt kvinnelege DNA støtt å vere på pletten overfor mennene sine behov, fôre dei med mat og med sex.

Kvifor? Sannsynlegvis ligg ikkje den viktigaste årsaka hos forfattaren spesielt, men i generelle patriarkalske strukturar som har styrt livet i dei fleste kulturane på jorda i uminnelege tider. Det sit i vårt kvinnelege DNA støtt å vere på pletten overfor mennene sine behov, fôre dei med mat og med sex. Livet vårt har heilt konkret vore avhengig av det. Sjølv etter tiår med kvinnekamp og metoo er dette ikkje ein utdatert problematikk. Ein del av meg skulle difor ønskje at den reflekterte og særs skriveføre Sele hadde følgt dette sporet endå tydelegare, men siktemålet i denne boka er ikkje polemisk.

Sterk og sårbar

Sele har skrive ei ganske snill, men klok og ærleg bok om kjærleikslengt. Boka er oversiktleg delt inn i kapittel etter dei meir eller mindre kortvarige relasjonane og mennene ho søkte seg mot gjennom ein tidsperiode på sju år, etter ei skilsmisse. Med stort pågangsmot (ho har talent for å forelske seg) oppsøkjer ho datingappar og fysiske treffpunkt. Gong på gong går ho «på trynet», kunne ein kanskje uærbødig seie. Sjølv ser ho det ikkje slik. Forfattaren uttrykkjer i staden takksemd for det desse mennene let att etter seg, av både konkrete gåver og meir abstrakte lærdomar. Det er gode menn vi møter i denne boka, portretta av kjærastekandidatane er sympatiske.

Om mennene sjølve er einige i måten dei blir framstilte på, kan ein jo berre gisse seg til.

Om mennene sjølve er einige i måten dei blir framstilte på, kan ein jo berre gisse seg til – og nett det er det vanskeleg å late vere. Dei er anonymiserte, men Noreg er eit lite land og ikkje minst er området av landet der møta i boka skjer, temmeleg skrint befolka. Eg meiner difor forlaget absolutt burde ha utstyrt utgivinga med ei tydeleg stadfesting av at dei omtalte er informerte og har gitt sitt samtykke.

Optimistisk

Menn som nesten elska meg er lettlesen og full av velvalde detaljar som levandegjer dei romantiske møta, dei blir tydelege og partikulære. Referansar frå litteratur og filosofi er fint fletta inn og skapar ein vidare horisont. At boka er aktuell og relevant for mange, er heva over all tvil. Aldri har det vore så mange single menneske i Noreg som no. Vi blir stadig fleire som lever einslege liv og som lengtar etter, men òg fryktar kjærleiken.

Å finne tilhøyrsle i ein varig kjærleiksrelasjon er noko av det viktigaste og vanskelegaste i eit menneskeliv, det gjeld sjølvsagt både for kvinner og menn. Seles bok er optimistisk og håpefull: At ho omsider lærte å passe på seg sjølv og erkjenne eigne grenser, gjer von om at dette er mogleg for fleire av oss.