Tannhelse

Puss, så går du i pluss

Budsjettsemja gav 360 millionar friske kroner til tannhelse. Det er berre ein brøkdel av kva ei tannhelsereform kan komme til å koste.

Budsjettsemja legg opp til ei tannhelsereform. Kva skal kva skal ho innehalde og til kva for ein pris?
Publisert Sist oppdatert

Til saman flytta Aps samarbeidsparti på Stortinget 415 tannhelsemillionar i forslaget til statsbudsjett for 2026. 35 av dei reverserer eit kuttforslag frå regjeringa, 360 er friske midlar til tannhelse, og 20 går til arbeidet med ei planlagd tannhelsereform.

Heming Olsen-Bergem er president i Den norske tannlegeforening.

– Raudt har skrytt av gjennomslaget for ei ny velferdsreform – tannhelsereforma. SV har skrytt litt mindre, men har bidrege til å forhandle fram meir til tannhelse. Eit offentleg nedsett utval, som du sjølv har vore del av, førespegla i 2024 at ei reform vil kunne koste staten mellom 4,2 og 12,7 milliardar kroner årleg, om ein innfører frikort for tannhelsetenester. Til samanlikning aukar budsjettsemja tannhelsebudsjettet med 360 millionar kroner. Kor stort er gjennomslaget?

– Gjennomslaget handlar om å gå vidare med tannhelsereforma. Ein legg opp til å bruke litt tid på henne, og det set vi i Tannlegeforeningen pris på, slik at ting vert gjorde skikkeleg. Pengane i neste budsjett går for ein stor del til pasientane, for å styrkje refusjonsordningane som alt ligg i folketrygda.

– Avtalen pålegg regjeringa å leggje fram eit høyringsnotat med forslag til ei einskapleg reform hausten 2026, slik at reforma kan ta til i 2027. Er tidsplanen realistisk?

– Vi har tenkt at det er veldig raskt, men det lèt seg gjere. Eg trur nøkkelen til fortgang er å involvere fagmiljøa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement