Leiar
Krevjande storting
Nestleiar i MDG Ingrid Liland (f.v.), partileiar i Raudt Marie Sneve Martinussen, parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet Tonje Brenna, partileiar i SV Kirsti Bergstø og Geir Pollestad i Senterpartiet under ein pressekonferanse i Vandrehallen på Stortinget. Dei fem partia vart til slutt einige om statsbudsjettet for 2026.
Foto: Heiko Junge / NTB
Trass all mediestøyen og oppslag om «budsjettkaos» har vi fått eit nytt statsbudsjett innanfor tidsfristen. Det var ikkje sjølvsagt. Heile fem ulike parti skulle verta samde.
Ikkje minst sidan fleire av partia er sterkt usamde i mange saker. Særleg Senterpartiet og MDG. Det har ikkje gjort det enklare at fire av partia kvar for seg har ein oppslutnad på under 5,7 prosent og kjempar om mange av dei same veljarane. Men skal truverdet til denne fleirtalskonstellasjonen overleva, må dei få til ein betre prosess neste år.
Med til saman ni parti og ingen naturlege fleirtalskonstellasjonar vil situasjonen på Stortinget uansett vera krevjande i heile stortingsperioden. Partia på høgresida ville ikkje hatt det lettare. Berre det å avgjera kven som skal verta statsministeren blant dei, ville skapt problem.
Ikkje minst for Høgre. Får Frp statsministeren, og skikkar dei seg vel, kan dei koma til å halda fast på posisjonen som det store nye folkepartiet på høgresida. Ein slik situasjon kan ikkje Høgre tillata seg.
Opposisjonen bør konsentrera seg om å kritisera innhaldet i budsjettet, ikkje prosessen. Men omstillingskommisjonen, som ligg inne i budsjettavtalen, bør alle ansvarlege parti ta på alvor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.