Natur

På skothald

Fire hardingar får motstand og medhald om meiningar om villreinstamma på Hardangervidda. For det er ikkje alle svar ein kan setje to strekar under.

Jarle Viskjer, styrar på DNT-hytta Litlos, er ein av kjøkenkameratane med sterke meiningar om forvaltinga av villrein på Hardangervidda.
Publisert

Dette har skjedd: Førre veke fekk fire jegerar frå Hardanger – nærare bestemt frå Odda, og for å vere endå meir presis: fire frå min eigen familie, mellom anna bror min – seie kva dei meinte om villreinforvaltinga på Hardangervidda. Om ho har dei sterke – og subjektive – meiningar. I nær to timar sat dei rundt kjøkenbordet heime hos syskenbarnet mitt Torgils og lira av seg. No er det styresmaktene sin tur til å leggje fram sitt syn.

Det er derfor eg no ventar i resepsjonen til Klima- og miljødepartementet i Kongens gate 20, midt i tjukkaste Oslo, tvers over gata frå varemagasinet Steen og Strøm. Onsdag 2. juli vart det sendt ut eit 60 sider langt høyringsnotat frå dette bygget: «Forslag til tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde». Villreinen er raudlista, og no tek departementet grep. Dei vil fjerne turstiar, leggje ned DNT-hytter, avgrense helikoptertransport, ja, ei rekke tiltak.

Dei fire rundt kjøkenbordet er kritiske til fleire av tiltaka. For akkurat no er det unntakstilstand på vidda. På grunn av skrantesjukdom er stamma skoten ned frå 10.000 til 4000 dyr, og reinen oppfører seg ikkje slik han normalt ville gjort. Meiner kjøkenkameratane.

Kjende påstandar

No, der kjem statssekretær Kristoffer Hansen frå Ballangen ned i resepsjonen, øvst kledd som ein politikar med dressjakke og slips, og nedst som ein praktikar med kvardagsbukse og svarte joggesko. Inn i heisen, opp etasjane, gjennom døra til politisk avdeling, og inn på statssekretærens kontor med utsikt over bytak.

Hansen har lese artikkelen i Dag og Tid og kjenner att argumentasjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement