Språk i skulen
God språkpolitikk, dårleg etterleving
Held nedgangen i nynorskelevar fram i same tempo som no, vil det vere svært få nynorskelevar att nokre generasjonar framover. Det seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
I seg sjølv er språkpolitikken god, meiner direktør i Språkrådet, Åse Wetås.
Foto: Oda Hveem
Etter formålsparagrafen i språklova har norske kommunar, fylkeskommunar og skular og alle andre offentlege organ «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».
Trass i dette ansvaret har det år etter år vorte stadig færre elevar som lærer nynorsk som hovudmål. Og nedgangen kan halde fram neste år.
Frå nynorsk til bokmål
Som Dag og Tid skreiv førre veke, har fleirtalet i utvalet for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune no gått inn for å endre målform til bokmål på ein av skulane i Finnøy, etter ei rådgjevande folkerøysting.
Det har dei gjort sjølv om kommunedirektøren i klartekst har åtvara om at eit målskifte på sikt kan bidra til at nynorsken forsvinn frå Finnøy og dermed kan gjere Stavanger kommune språkleg einsretta.
Nedfelt i lova
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.