Økonomi

Kina-sjokket skakar tyskarane

Den aggressive økonomiske politikken til Kina trugar fleire millionar arbeidsplassar. Globaliseringseksperten Dalia Marin forklarer korleis Tyskland hamna i denne situasjonen.

Containerar står lagra i hamna i Chongqing ved Changelva i Kina. På tre år har eksporten frå Tyskland til Kina falle med 70 prosent, medan importen frå Kina til Tyskland er dobla.
Publisert Sist oppdatert

Å seie at Dalia Marin har sett mykje av verda, hadde vore litt av ei underdriving. Før den austerrikske økonomen blei professor i internasjonal samfunnsøkonomi ved det tekniske universitetet i München, underviste ho mellom anna i Berlin, Wien og Firenze, ved Harvard-universitetet i Boston og ved New York-universitetet.

Ho er knytt til tankesmia Bruegel i Brussel og Centre for Economic Policy Research (CEPR) i London. Ho har vore teamleiar ved Det russisk-europeiske senteret for økonomisk politikk i Moskva og rådgjevar for EU-kommisjonen, Den europeiske utviklingsbanken og Det internasjonale pengefondet. Ho er fødd i Wien og er heime i bustaden sin i München når eg intervjuar henne via videolenkje.

– Du åtvarar mot eit «Kina-sjokk» og seier at dette alt skakar den tyske økonomiske modellen i grunnvollane, og at det kan føre til at heile bransjar går under. Er situasjonen verkeleg så alvorleg?

– Situasjonen er dramatisk.

– Kvifor?

– Vi veit jo kva som skjedde då Kina blei medlem av Verdshandelsorganisasjonen i 2001 og Vesten opna marknadene sine for varer frå folkerepublikken. Den gongen var det særleg USA som regelrett drukna i billegvarer frå Kina. Resultatet var at heile regionar i USA blei avindustrialiserte på få år. Over ein million fabrikkarbeidarar mista plutseleg jobben eller måtte ta dårlegare betalte jobbar i servicenæringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement