Politikk
Den lange kampen om den siste oljen
Dersom vi skal ta klimalova frå 2017 alvorleg, er det på høg tid å planlegge sluttfasen på sokkelen.
Skal norsk oljenæring utviklast eller avviklast? Ekofisk-feltet viser kor lenge eit stort oljefelt kan leve. Funnet vart gjort i 1969, og feltet produserer framleis. Biletet er frå 2019.
Foto: Carina Johansen / NTB
Natt til onsdag vart det omsider semje om statsbudsjettet. Jonas Gahr Støre slapp å ty til kabinettsspørsmål, og Noreg slapp ei regjeringskrise. Var det amatørskapen og den manglande realismen til Miljøpartiet Dei Grøne som skapte krisa i forhandlingane, saman med dei fåfengde oljefondkrava til SV? Fleire politiske kommentatorar meinte det, til dømes Tone Sofie M. Aglen i NRK. «For en gjeng amatører» var tittelen på kommentaren ho skreiv etter brotet i forhandlingane sist helg. Aglen forklarte framferda til MDG med manglande erfaring: «Det er forståelig at en helt ny stortingsgruppe med betydelig hybris vil prøve å sette hardt mot hardt i klimasaken. Selve saken med stor S, utfasing av oljen. Problemet er at man må ha ligget under en stein, eventuelt være ihuga klimaentusiast for å i det hele tatt tenke at det er mulig.»
Her skal vi late SV-krava ligge. Men kva handla eigentleg usemja mellom MDG på eine sida og Arbeidarpartiet og Senterpartiet på andre sida om? Og er det eigentleg hybris eller amatørskap å krevje ein strategi for nedbyggingsfasen til petroleumsnæringa?
Uforpliktande
Vi kjenner ikkje alle detaljane frå budsjettsamtalane. Men kravet frå MDG var openbert ikkje ei nedlegging av oljeindustrien i løpet av budsjettåret 2026. Det vi veit, er at partiet var misnøgd med klimaprofilen til budsjettet og kravde ein plan for utfasinga av petroleumsutvinninga. Natt til onsdag fekk så partiet eit delvis gjennomslag på det siste punktet.
Særleg forpliktande er ikkje lovnadene, for å seie det mildt. Men regjeringa skal i alle fall setje ned – ikkje hald pusten medan du les dette – ein «omstillingskommisjon som skal vurdere ulike scenarier og tiltak for å bedre norsk økonomis omstillingsevne, verdiskaping, næringsutvikling og konkurransekraft, hvor norsk sokkel framover går inn i en ny fase med avtakende olje- og gassproduksjon, samtidig med en økende fornybarandel i Europa på bekostning av fossil energibruk».
100 år til
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.