Kommentar
Senterpartiets Bjørn Arild Gram frå Steinkjer stiller seg bak eit budsjettforlik som får opp farten på Hilmarfestivalen i Steinkjer.
Budsjettforlik med helsing heim
Dei som forhandla fram semja om statsbudsjettet for 2026, heldt pressekonferanse på Stortinget onsdag 3. desember.
Foto: Heiko Junge / NTB
Trønderane kan dra seg nøgd i barten etter forliket om statsbudsjettet for neste år. Natt til onsdag klokka 02.00 fann SV og MDG attende til flokken og slutta seg til eit forlik som har fleirtal i Stortinget.
Senterpartiets finanspolitiske talsperson Bjørn Arild Gram frå Steinkjer stiller seg bak 600.000 kroner meir til Stiftinga Hilmar Alexandersen i Steinkjer. Stiftinga skipar til Hilmarfestivalen i Steinkjer kvar haust. Dette handlar om folkemusikk og minnet om storspelemannen Hilmar Alexandersen. Gram var ordførar i byen frå 2008 til 2020.
Dei store beløpa får naturleg nok mest merksemd i statsbudsjetta og i forlika som fylgjer. Men småbeløpa har også ei historie å fortelja om vårt langstrakte, rike land. Statsbudsjettet er overalt.
Som vanleg i slike forlik vart det svært mange småbeløp. Av utgiftsaukande postar er halvparten på 10 millionar kroner eller mindre.
Mange gjer noko godt
Mykje av dei små pengane går til organisasjonar og stiftingar som arbeider for gode formål. Det finst alltid mange argument for slikt. Det er nært og konkret. Omsynet til eit rimeleg skattenivå eller behovet for å dempa bruken av oljepengar, er fjernt og abstrakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.